– Dagens fylkeskommunar har gått ut på dato, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H), som tysdag presenterte stortingsmeldinga om regionreforma.

For regjeringa er det uaktuelt å overføre nye oppgåver til dagens fylkeskommunar. Men dei større regionane vil få større ansvar enn fylka har i dag. Utfordringane som regionane står ovanfor går ut over fylkesgrensene, slår Sanner fast ifølgje NTB.

"Ti regioner vil gi grunnlag for at alle de nye regionene kan omfatte strukturbyggende institusjoner, større og mindre byer, omland og distrikter. Med om lag ti regioner legges det til rette for brede fagmiljøer med kapasitet og kompetanse til å ivareta både nåværende og fremtidige roller og oppgaver", står det å lese i regionmeldinga.

Kva region vi kjem til å hamne inn under, er førebels ikkje avklara. Departementet ber om at fylkeskommunene fattar vedtak innan 1. desember 2016. Regjeringen tek sikte på å legge frem eit forslag for Stortinget til ny struktur for det regionale folkevalgte nivået våren 2017.

Vedtak om samanslåing vil bli gjort innan 1. desember 2016. Nye regionar og kommuner trer i kraft frå 1. januar 2020.

Heile stortingsmeldinga kan du lese her.