No er forhandlingane med Hordaland i gang

Jenny Følling, Åshild Kjelsnes

Jenny Følling, Åshild Kjelsnes Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Jenny Følling (Sp) håpar på ein god og balansert samanslåingsavtale: «Vi er eit distriktsfylke med mykje å ta i vare».

DEL

Klokka ti måndag føremiddag sette delegasjonane frå Hordaland og Sogn og Fjordane seg til forhandlingsbordet på Bjørnefjorden Gjestetun i Os, for å kome fram til ein eventuell intensjonsavtale om samanslåing mellom dei to fylka. Om dette lukkast, vil venteleg vise seg i løpet av tysdagen. Det er berre sett av to dagar til forhandlingane, som kjem i stand etter at Rogaland hoppa av den opphavlege trefylkesamanslåinga som vart forhandla fram i fjor haust.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane seier at ho er spent på samtalane med Hordaland, men at ho opplever klimaet mellom dei to fylka som godt.

– Eg håpar at vi vil kvarandre vel, og at vi får ein god og balansert avtale. Sogn og Fjordane er eit distriktsfylke med mykje å ta i vare. Nokre viktige stolpar er allereie lagt på plass, gjennom dei punkta som er fordelte i den avtalen som vart forhandla fram sist. Det blir viktig for oss å ha ei desentralisert forvaltning av tenester og etatar, seier Følling til Firda.

Hordaland ute etter kollektivtransporten

Føreset ein at trefylke-avtalen dannar utgangspunkt for dei nye forhandlingane, er det først og fremst Rogalands fire tildelte ansvarsområde som no er i spel. Desse er opplæringssektoren, næringssektoren, kollektivtransportdelen innanfor samferdsle, og idrettsdelen innanfor feltet kultur og idrett.

Sogn og Fjordane har ikkje gitt nokon signal om kva felt dei no er mest på jakt etter, i dragkampen om oppgåvefordelinga. Hordalands fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF), som leiar Hordalands forhandlingsdelegasjon i fylkesordførar Anne Gine Hestetuns fråvèr, stadfesta måndag morgon overfor NRK Sogn og Fjordane at Hordaland vil krevje å få ansvaret for kollektivtilbodet i ein samanslegen region med Sogn og Fjordane.

I den førre avtalen vart Sogn og Fjordane tildelt veg-delen av samferdslesektoren, og kultur-delen innanfor feltet kultur og idrett.

Den førre avtalen signaliserte også at den felles Fylkesmannen skulle halde til i Sogn og Fjordane.

SFE blir forhandlingstema

Administrasjonssenteret for den nye regionen vart i førre avtale lagt til Bergen, saman med ansvaret for mellom anna regional planlegging og utvikling, og økonomisk planlegging og styring. Bergen vart peika ut som administrasjonssenter med rådmannsfunksjon og politisk leiing, men regiontinget skulle ha samlingane sine fordelt på dei tidlegare fylka.

Ifølgje Følling vil alle spørsmål som fylkestinga har vore opptekne av i regionsaka, stå på dagsorden i forhandlingane. Dette gjeld også det uavklarte spørsmålet om kva som skal skje med fylkeskommunens store verdiar i Sogn og Fjordane Energiverk.

– Forhandlingane blir nok om lag like tøffe som sist. Men det blir ein annan dynamikk når berre to partar forhandlar, seier Følling.

Artikkeltags