Redningsselskapet-skipper vil ha førarkort for vasscooter

ULYKKE: Så langt i år har redningsskøytene hatt åtte oppdrag der vasscooterar har vore involverte.

ULYKKE: Så langt i år har redningsskøytene hatt åtte oppdrag der vasscooterar har vore involverte. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FORBRUKAR: Redningsselskapet må hyppig rykkje ut etter uhell med vasscooterar. No ber ein av skipperane i organisasjonen om at det blir innført førarkort for vasscooterar.

DEL

– Eg ser mykje tullekøyring. Når du køyrer ein stor vasscooter med høg fart, bør du vite kva du gjer, både for din eigen del og for andres del. Det store problemet er farten. Du blir lett kasta av ein vasscooter i bølgene, og held du høg fart, slår du deg kraftig når du treffer vassflata, seier skipper og koordinator Knut Johansen i Redningsselskapet til Stavanger Aftenblad.

Han har ferdast på sjøen i over 30 år. I tillegg køyrer han båt for Fjord Event i Ryfylke og køyrer ofte sin private båt.

Han meiner Noreg bør gjere som Danmark og innføre eit eige førarkort for vasscooter. Johansen understrekar at han ikkje uttaler seg på vegner av Redningsselskapet.

Så langt i år har redningsskøytene hatt åtte oppdrag der vasscooterar har vore involverte.

Danmark innførte krav om førarkort for å køyre vasscooter i fjor, då to kvinner døydde etter at båten deira vart påkøyrd av ein vasscooter i høg fart. Her i landet har tryggleiken knytt til vasscooterferdsel vorte aktualisert etter to dødsulykker dei siste dagane: ulykka i Arendal natt til søndag, der Vibeke Skofterud omkom, og kollisjonen mellom ein vasscooter og ein båt på Rosfjorden i Lyngdal i Vest-Agder, der ein 16 år gammal gut mista livet.

I Danmark er det no registreringsplikt, forsikringsplikt, auka bøter og kampanjar retta mot unge om kor farleg vasscooterkøyring kan vere.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken