Gir seg etter 100 års innsats

SLUTT: Anna Batalden og Audhild Lekva har vore aktive i redningsselskapet i over 100 år til saman. Her saman med Bjørn Korneliussen som har gått av som styremedlem i lokallaget i protest mot avviklinga av kontroet i Florø.  Foto: Olav Hatlemark

SLUTT: Anna Batalden og Audhild Lekva har vore aktive i redningsselskapet i over 100 år til saman. Her saman med Bjørn Korneliussen som har gått av som styremedlem i lokallaget i protest mot avviklinga av kontroet i Florø. Foto: Olav Hatlemark

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

FLORØ: Til saman har dei over hundre år bak seg i strev for redningsselskapet.

DEL

No let Anna Batalden (80) og Audhild Lekva (82) strikkepinnar og broderinål ligge.

– Vi ser ingen grunn til å fortsette å arbeide for redningsselskapet seier dei to, etter at styret til redningsselskapet har bestemt å legge ned avdelinga i Florø og overføre ressursane til Bergen.

– Pokker til greier. No trur eg heller ikkje det vert lenge før redningsskøyta forsvinn, spår Batalden. Ho har inga tru på at redningselskapet vil ha noko å spare på avviklinga av kystbasen i Florø.

Og kva skjer med jollane og Elias-båten som lokale bedrifter har skaffa,? spør dei?

– Sjå her seier Lekva. Ho viser fram ein lapp. Dette er det vi har på kontoen som vi skulle overføre til redningsselskapet. 7.588 kroner står det på bankkontoen etter dei siste basaren.

Dei siste

– Det skal vi ha moro av. Eg trur heller vi brukar pengane og tek oss ein fest, i staden, fleipar Batalden. Dei er litt i villreie om kva dei no skal gjere av pengane.

Dei to kvinnene er dei siste aktive medlemmane til kvinneforeininga til Florø redningsselskap. Dette er også siste foreininga til redningsselskapet i Flora kommune. Dei har begge vore med sidan dei var småbarnsmødrer. Lekva og Batalden har utgjort det lokale grunnfjellet i organisasjonen som har stått for sikkerheit for sjøfolka langs heile norskekysten, samla inn pengar, delteke på samlingar og halde motet oppe hos mange sjøfolk. Berre nokre få tradisjonelle kvinneforeiningar til redningsselskapet er no att i fylket; i Måløy, Selje og på Eid. Så spørst det kor lenge dei varer.

Lekva har hatt broderte hardangerdukar som sin spesialitet til basarane. Medan Batalden best har likt å spøte, mest genserar og lubbar til basarane.

Minst 60 dukar

– Eg har sikkert laga minst 60 dukar. Dei har trekt masse pengar. Men no er det slutt, Lekva er klar i talen, vel vitande om at der heller ikkje står andre i kø til å ta over den frivillige pengeinnsamlinga til Redningsselskapet. Det vert heller ikkje meir av vaflane, fiskesuppa og betasuppa som dei har pleidd å lage til sommarskulane til redningsselskapet.

Dei to har fått selskap av Bjørn Korneliussen tidlegare medlem av det lokale styret til redningsselskapet. Også Korneliussen har lagt inn årane i det lokale styret i protest mot sentraliseringa, saman med styreleiar Olav Steimler.

Korneliussen har for høvet med den gamle fana til lokallaget som han har teke vare på.

– Eg trur fana må vere minst 130 år, fortel han. No ser han svært så mørkt på kva som vil skje med det lokale omdømmet til redningsselskapet. – For meg verkar det lite logisk det som skjer. Selskapet vil tape mykje på å misse lokale frivillige som står bak og skubbar på.

"Pokker til greier. No trur eg heller ikkje det vert lenge før redningsskøyta forsvinn.

Anna Batalden

Frivillig

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken