Får trafikktryggleik-prisen

Artikkelen er over 5 år gammel

Redningsselskapet, som har signalisert at dei snart legg ned kontoret sitt her i fylket, har fått fylket sin trafikktryggleikspris for 2015.

DEL

I forkant av opninga av fylkestinget denne veka, blei det kunngjort kven som får årets fylkeskommunale trafikktryggleikspris. Den går - kanskje litt paradoksalt - til Redningsselskapet, som nyleg kunngjorde at også dei skal bli meir robuste og leggje ned kontoravdelinga si i Florø og samle administrasjonsressursane i Bergen.

Prisutdelar Liv Stave overrekte i følgje fylkeskommunen prisen på 25.000 kroner til Torgeir Nergaard Berg i Redningsselskapet, og nytta høvet til å kome med ei bøn om at selskapet også blir sterkt synlege og deltakande i å sikre og redde liv i det våte element her i fylket også i framtida.

Framlegget om å tildele prisen til Redningselskapet har kome frå Flora KrF.

Les også: – Ein hån mot dei frivillige

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken