16 personar drukna i første kvartal: No vil Redningsselskapet komme i kontakt med folk som har opplevd drukningsulukker for å lære meir

I FARTA: Sjøredningskorpset i Gulen og Solund vil leggje ut kaianlegg for RS «Utvær» i Sløvåg. Arkivfoto

I FARTA: Sjøredningskorpset i Gulen og Solund vil leggje ut kaianlegg for RS «Utvær» i Sløvåg. Arkivfoto Foto:

Kuldesjokket frå vatnet kan gjere deg hjelpelaus i løpet av sekundar.

DEL

Frå januar til mars drukna ei kvinne og 15 menn. Redningsselskapet sin drukningsstatistikk viser at fem personar drukna i mars - alle på Vestlandet.

Rogaland har hatt seks drukningsulukker i første kvartal. I same periode har tre personar drukna i Hordaland, medean både Østfold og Møre og Romsdal har hatt to drukningsdødsfall. Ein person har drukna i høvesvis Trøndelag, Vest-Agder og Vestfold.

12 av 16 drukningsdødsfall så langt i år har skjedd etter fall frå land eller brygge. To personar drukna i samband med bruk av fritidsbåt, ein person omkom etter ei dykkarulukke og ein person døydde etter at bilen han sat i hamna i vatnet. I same periode i fjor drukna 17 personer.

Sein påske og god vêrutsikter over store deler av landet vil sannsynlegvis medføre at fleire oppheld seg på og ved sjøen.

– Vi oppmodar alle som befinn seg på eller nær vatn om både å passe godt på seg selv og dei som dei er saman med. Ha respekt for vatnet anten du er ute i båt, på brygga ein sein kveld eller på søndagstur elvelangs med familien, seier Tanja Krangnes i Redningsselskapet.

Krangnes minner også om at det er svært kaldt i vatnet no i april, og at eit uventa fall i kaldt vatn vil opplevast heilt forskjellig frå planlagd isbading.

– Kuldesjokket som kroppen vert utsett for gjer at du får høgare puls, auka blodtrykk og ukontrollert pust - det kan gjere deg hjelpelaus i løpet av sekundar. Fell du i vatnet er det viktig å ikkje få panikk. Behald roa og flyt på ryggen til du har kontroll på pusten – det tek under eitt minutt. Så kan du rope på hjelp eller symje til land viss du er i stand til det.

Redningsselskapets drukningsstatistikk 2019

Januar:

Møre og Romsdal - 1 person

Hordaland - 1 person

Trøndelag - 1 person

Vest-Agder - 1 person

Østfold - 1 person

Vestfold - 1 person

Februar:

Møre og Romsdal - 1 person

Rogaland - 2 personar

Hordaland - 1 person

Østfold - 1 person

Mars:

Rogaland - 4 personar

Hordaland - 1 person

Redningsselskapet vil gjerne komme i kontakt med personar som anten har vore nær ved å drukne sjølve, eller som har vore med på å redde nokon frå drukning, ellero pplevd ei ulukke der nokon omkom.

– Dei fleste drukningsulukker kan førebyggast ved hjelp av kunnskap, gode haldningar og rett åtferd land, i og påvatnet. For å lære og forstå meir om kva som skjer før, under og etter ei drukningsulukke, ønskjer vi å snakke med deg som har opplevd ei drukningsulukke, seier Krangnes.

Viss du vil bidra, kan du ta kontakt med henne, anten på telefon 907 37 421, eller på mail tanja.krangnes@rs.no.

Artikkeltags