Vil feire oppgradert redningsskøyte

Rs Simrad Buholmen har blitt oppgrader og mellom anna fått betre plass til båre og større styrehus.

Rs Simrad Buholmen har blitt oppgrader og mellom anna fått betre plass til båre og større styrehus. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Inviterer alle til å delta.

DEL

RS Simrad Buholmen er ei av skøytene som vaktar farvatna frå Florø til Måløy og endå lenger.

Til denne sesongen har den blitt oppgradert, og dette betyr at Sogn og Fjordane får eit betre arbeidsverkty for å trygge kysten vår, fortel Redningsselskapet i ei pressemelding.

Oppgraderinga betyr mellom anna at styrehuset har vorte større og meir anvendeleg for mannskapet, alt det elektriske  er lagt opp på nytt, og bet har vorte betre plass til båre inne på båten, på bekostning av plass langs rekka på båten.

Regionsleiar Endre Ytreland seier han er svært glad for oppdateringane som er gjort.

- Dette feirar vi med offisiell opning i både Måløy og Florø, med ope skip, kake og ei formell markering med raud løpar og snorklipping. Vi håpar alle som kan kjem innom oss denne ettermiddagen, inviterer han.

I tillegg til RS Simrad Buholmen, vil RS Halvdan Grieg, den nye Eliasbåten, Sjøredningskorpset og Ung-laget vere til stades. Dette med forbehold om at båtane ikkje må ut på oppdrag, sjølvsagt.

I Måløy finn arrangementet stad ved basen tysdag 5. april, og i Florø ved kontoret/kaia onsdag 6. apri.

Til saman har Redningsselskapet sju skøyter i drift på vestlandet mellom Sunnhordland og Måløy.

Artikkeltags