CHC vil drive redningshelikopteret

CHC sine helikopter har base i Florø og fraktar arbeidarar ut til olje- og gassfelta i nærleiken.

CHC sine helikopter har base i Florø og fraktar arbeidarar ut til olje- og gassfelta i nærleiken. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Airlift i Førde er diskvalifisert, men kjem til å klage.

DEL

Følgjande aktørar er godkjende i konkurransen om å drifte redningshelikopter-basen i Florø:

Bristow Norway AS, Lufttransport AS og CHC Helikopterservice. Sistnemnde er allereie til stades med base i Florø og driv med helikoptertransport til og frå oljefelta i Nordsjøen.

Norske Helikopterservice AS er under vurdering, medan selskapet Blueway Offshore Norge AS (Airlift ) sin søknad er avvist. Denne avgjersla har klagefrist til 17. september.

Dette opplyser Justis og beredskapsdepartementet.

Men Airlift i Førde er diskvalifisert i anbodsrunden, men kjem til å klage på avgjerda, fortel Kurt Opseth i Airlift.

- Vi kjem sjølvsagt til å klage. Vi er førebels ikkje blitt prekvalifisert pga. usemje om tolking av dokumentasjonskrav. Det går ikkje på faglege og tekniske kvalifikasjonar til Airlift.

Artikkeltags