Reagerer på at elevane måtte møte på skulen fredag, og at lærarane ikkje får heimekontor

Arkivfoto. Opning av sykkelparkeringa ved Florø barneskole i 2016. Dåverande varaordførar Jan Henrik Nygård talte.

Arkivfoto. Opning av sykkelparkeringa ved Florø barneskole i 2016. Dåverande varaordførar Jan Henrik Nygård talte. Foto:

FLORØ: Sjølv om alle skular og barnehagar i Norge vart stengt ned torsdag kl. 18, måtte alle elevane på Florø barneskole møte til to timars skuledag fredag. I tillegg vart alle foreldre bedne om å stille på skulen for å hente materiell.

DEL

Fleire har reagert på at alle dei om lag 520 elevane på Florø barneskole måtte møte til to timars undervisning på fredag, dagen etter at alle skulane og barnehagane i landet vart strengt ned på grunn av smittefare. I tillegg fekk alle foreldra beskjed om å stille på skulen kl. 10.30, for å hente elevane og bøker og utstyr. Mange meinte dette var ei underleg løysing, og valde å halde ungane heime.

Firdaposten har blitt kontakta av både foreldre og lærarar i Kinn kommune som reagerer på måten dette vart handtert. Det har også komme fleire reaksjonar på at alle lærarane i kommunen har fått beskjed om å møte som vanleg på jobb måndag.

– Stor frustrasjon

Ein av dei som reagerer er Silje Jansen Nybø, trebarnsmor og lærar tilsett i Kinn kommune.

– Eg kjenner på ein stor frustrasjon med tanke på korleis Kinn kommune forholder seg til den store nasjonale dugnaden som torsdag blei igangsett frå nasjonale styresmakter! Torsdag blei det bestemt med lovheimel at alle landets skular og barnehagar skulle stengast frå kl. 18.00. Kva gjorde Florø barneskole? Sende ut skriv om at alle elevane skulle møte på skulen fredag 08.30 til 10.30 for å få informasjon og hente skulebøker. Foreldre blei oppfordra til å hente dei kl. 10.30.

Det skriv Nybø i eit facebook-innlegg Firdaposten har fått løyve til å gi att. Ho har fått over 30 kommentarar under innlegget, der andre lærarar og foreldre reagerer på det same.

Nybø valde å sende melding til lærarane om at dei heldt barna heime og drog sjølv for å hente bøker. Dei heldt seg til oppfordringa om ein samfunnsdugnad.

– Vi er ikkje hysteriske, vi har ikkje panikk. Barna våre er heilt friske og kan sikkert fint få Koronaviruset. Men dei kan smitte andre. Dette er jo ein solidaritetsdugnad!, påpeikar ho.

Uoppdaga tilfelle?

Ho stiller spørsmål ved om det ikkje er truleg at det er mange uoppdaga tilfelle i Florø, med tanke på kor få som vert testa for viruset.

– Er ikkje nettopp dette grunnen til og poenget med heile dugnaden? Fordi vi ikkje lenger har oversikt, fordi vi berre må prøve å gjere mest mogleg for stoppe spreiinga no?

Ho stiller også spørsmål ved at alle lærarar i Kinn har fått beskjed om å møte på jobb som vanleg.

– Eg trudde faktisk styresmaktene oppfordra alle som kunne til å ha heimekontor? Burde ikkje arbeidsgjevar legge til rette for dette så langt det går an? Alle eg veit om i privat sektor har allereie gjort dette. Små bedrifter som frisørsalongar må stenge på dagen, poengterer Nybø.

Les heile innlegget hennar her:

– Lærarane skal få heimekontor

Lærarane i kommunen har fått beskjed om å møte på jobb som vanleg måndag.

Ordførar Ola Teigen lovar lærarane at dei skal få på plass heimekontorløysingar også for deira yrkesgruppe.

– Eg ser det er lærarar som reagerer på at dei framleis må stille på jobb som vanleg framover. Her er det nok ei misforståing ute å går, seier Kinn-ordføraren. Han utdjupar;

– Det er ikkje meininga at lærarane skal vere på jobb dei neste 14 dagane. I utgangspunktet håpar eg det berre måndag dei skal møte som normalt. Dette handlar om at det er 2.200 elevar i Kinn kommune som framleis skal ha undervisning dagleg, på ulike måtar.

Og her er ulike behov som skal dekkast. Nokre skal få undervisning på skulen, dei fleste heimanfrå, og nokre treng spesielle opplegg.

– Kor omfattande og korleis dette blir, det veit vi ikkje før på måndag. Per i dag anar vi ikkje behovet for undervisningstilbod på skulen. Innan klokka 13 måndag skal foreldre med samfunnskritiske yrke ha meldt inn behov for tilbod for barna sine, då veit vi meir om kor mange lærarar som må vere på jobb ved skulane framover, seier Teigen.

Alle rektorane jobbar no i helga med å få på plass undervisningsopplegg for elevane sine. Desse opplegga vil bli presentert for lærarane på måndag.

Så fort som råd skal det også på plass heimekontor for lærarar.

– Mange lærarar vil få heimekontor, men det er ein del tekniske løysingar og praktiske som må på plass først.

Praktiske årsaker

Fleire har også reagert på at alle dei om lag 520 elevane på Florø barneskole måtte møte til to timars undervisning på fredag, dagen etter at alle skulane og barnehagane i landet vart strengt ned på grunn av smittefare. I tillegg fekk alle foreldra beskjed om å stille på skulen kl. 10.30, for å hente elevane og bøker og utstyr.

Mange meinte dette var ei underleg løysing, og valde å halde ungane heime.

– Avgjerda vart teken straks etter regjeringa bestemte at skular og barnehagar skulle stengast. I samråd med alle rektorar i kommunen vart det peika på at dette var den beste løysinga for å fortast mogleg få skulemateriellet ut av skulen og i hendene på foreldra, slik at ein på best mogleg måte kunne komme i gang med heimeundervisning, seier Teigen.

– Vi var redde for at alternativet ville bli at foreldra kom for å hente utover i neste veke, då det potensielt er større smittefare enn det var fredag. Det er framleis ikkje påvist koronasmitte i Kinn kommune, understrekar han.

Avgjerda vart gjort i samråd med både fylkesmann og kommunehelsetenesta.

– Eg har stor forståing for at mange reagerer på dette og mange er opptekne av å vere med på dugnaden for å hindre smittespreiing. Vår avgjerd handla om å vege ulike forhold opp mot kvarandre. Og då fall vi ned på at dette var den beste løysinga med omsyn til å hindre smitte og å legge til rette for undervisning.

Teigen vil elles nytte høve til å rose den formidable innsatsen heile samfunnet legg til grunn om dagen.

– Mange melder seg til teneste til kommunen, frivillige lag og organisasjonar er alt i arbeid. Vi ser og private initiativ som organiserer hjelp til folk med behov. Dette er ei solidaritetsmobilisering som eg aldri har sett maken til, seier Teigen.

Elevane i Kinn får fjernundervisning – ein del får også tilbod på skulen

Artikkeltags