Demokratiet Ukraina kjempar akkurat no ein heroisk forsvarskrig mot diktaturet Russland, styrt av diktatoren Vladimir Putin flaska opp i kommunistpartiet i den gamle sosialistiske sovjet-staten. Mot alle solemerke har Ukraina klart å stå imot og slå tilbake. Ei avgjerande årsak til det, er at dei har fått omfattande våpenhjelp frå vestlege demokrati – herunder Noreg.

Hadde det norske sosialistiske partiet Raudt fått bestemme, hadde ikkje Ukraina fått slik våpenhjelp. Då hadde Ukraina vore overlatt til seg sjølv, i ein håplaus kamp mot overmakta. Putins styrkar hadde overtatt Ukraina. Og ein russisk slagbjørn som hadde fått smaken på blod, hadde etter alle solemerke fått lyst på meir.

Russlands aggressivitet er årsaka til at våre naboland Sverige og Finland no søker seg saman inn i forsvarsalliansen NATO. Eit samla vesten ynskjer dei velkomne, med visse unntak: Tyrkias president Erdogan og det norske sosialistiske partiet Raudt.

Raudt vil nekte Sverige og Finland å søke tryggleik i NATO – og dei vil ha Noreg ut av NATO. Dette ut frå ei sosialistisk verdsanalyse om at diktaturet Russland er «den gode naboen» - og vestlege demokrati som søker saman, fienden. For å sitere Raudt sitt gjeldande stortingsvalprogram: «Den sterkt økte militære aktiviteten fra USA og Nato i nordområdene utgjør en trussel mot Norges viktige og gode naboskap med Russland.» Eller som Raudts sentralstyremedlem Synne Bjørbæk no kallar våre europeise naboar i dei vestlege demokratia: «Mordarbanden NATO».

Eg er glad for at eit overveldande fleirtal i det norske folk er dundrande uenige med Raudt i denne absurde forståinga av verda rundt oss. «Mordarbanden» som trugar fridomen vår er ikkje andre vestlege demokrati, slik Raudt meiner. Det er despoten Putin i diktaturet Russland.

Finland og Sverige har gjort eit nødvendig val om NATO-medlemskap for å trygge si framtid. Når Sverige og Finland går inn i NATO, vil heile Norden stå skulder ved skulder i same forsvarsallianse. Då ligg alt til rette for at vi framover kan bygge eit sterkare felles nordisk forsvar – innanfor ramma av NATO. Venstre helsar eit sterkare felles nordisk forsvar velkomen.

Venstre vil stå krystallklart på demokratiet si side mot diktaturet. Vi skal stille opp for Ukraina – også med våpenhjelp. Vi skal vere tøffe og harde i våre sanksjonar mot Russland – for å strupe Putin si krigskasse og evne til å drepe og angripe. Og når Stortinget skal røyste over om Finland og Sverige skal få bli med i NATO slik dei sjølve ynskjer, vil Venstre sjølvsagt røyste ja. Og norske veljarar må få augene opp for det forvrengde verdssynet partiet Raudt står for, i si analyse av verda rundt oss.