Klokka 23.05 måndag er 99,8 prosent av stemmene i Bremanger talt opp. Arbeidarpartiet går litt fram, og blir det største partiet i kommunen.

26,2 prosent betyr at partiet går litt fram, frå 25,2 i 2017.

Det er nok til å passere Senterpartiet som går tilbake med 2,9 prosentpoeng og får 25,6 prosent.

Også i Bremanger går Raudt kraftig fram. 6,1 prosent er ei auke på heile 5,2 prosentpoeng.

Høgre går tilbake med 4,4 prosentpoeng. Frp går også tilbake, med 0,7 prosentpoeng. For dei andre partia er det berre mindre endringar.