Håpet tent for ei større satsing på rassikring

RASFYLKE: Åshild Kjelsnes (i midten) og andre politikarar under ei synfaring på fv 609 ved Heilevang. Dette er ein av stadane som skrik etter rastrygging.

RASFYLKE: Åshild Kjelsnes (i midten) og andre politikarar under ei synfaring på fv 609 ved Heilevang. Dette er ein av stadane som skrik etter rastrygging. Foto:

POLITIKK: Rassikringsforkjempar Åshild Kjelsnes (Ap) er optimist, etter å ha fått nye signal frå Samferdsleministeren.

DEL

Signala frå statsråd Jon Georg Dale (Frp) kom under den nasjonale rassikringskonferansen på Flesland tysdag, melder Firda.

– Vi er opptatt av å løfte rassikring, og vil invitere til ein politisk prosess for å sjå kva for problem vi står overfor, og korleis vi skal løyse desse, sa samferdselsministeren på konferansen.

Utfordra

Han utfordra også dei ni fylka i Nasjonal rassikringsgruppe når det gjaldt å prioritere. Dette inneber å vere tydeleg på kva område som skal prioriterast først, og kva som kan vente.

Dale la vekt på at rassikring av vegar er viktig for landet som heilskap, både når det gjeld tryggleik og næringsinteresser, skriv fylkeskommunen på si nettside.

– Når vi får kjeft om at det blir brukt for mykje pengar der det bur lite folk, må vi forklare kor viktig rassikring er for transportkorridorane. For eksempel at norsk laks må kunne blir transportert i tide ut til marknadane sine, utan forseinkingar, sa han.

Tilsvarar fjorårets julegåver

Leiaren i Nasjonal Rassikringsgruppe, Åshild Kjelsnes (Ap) er nøgd med utsegnene frå statsråden.

Rassikringsgruppa ønskjer ein heilskapleg, nasjonal skredsikringsplan gjennomført i løpet av tolv år. Målet er at planen blir del av neste Nasjonal transportplan (NTP 2022–2033).

For å få dette til, trengst det til saman 51 milliardar kroner. På konferansen utfordra rassikringsgruppa samferdselsministeren og andre sentrale aktørar til å sjå viktigheita av ein slik plan.

– Dei 51 milliardane det vil koste, tilsvarar det nordmenn brukte på julegåver til kvarandre i fjor, seier Kjelsnes på fylkeskommunens nettside.

Artikkeltags