Gå til sidens hovedinnhold

Meiner ras-kaoset synleggjer behovet for ein kystveg

Artikkelen er over 4 år gammel

Prosjektleiar for kystvegen Ålesund-Bergen, Bengt Solheim-Olsen, meiner både faren for større ras, og isolasjonen slike vegstengingar fører med seg, synleggjer behovet for ein kystveg.

– Riksveg 5 er den einaste vegen til og frå Florø. At eit ras kan stenge ein så trafikkert veg og isolere ein by som Florø, gjer at vi treng alternative vegar. Alternative vegar også for dei som kvir seg å køyre i rasutsette område. 

Mindre ras på kysten

– Men vil ikkje alternative vegar vere rasutsette på same måte?

– Nei det vil dei ikkje. Vi teng ein kystveg på kysten og der er det også mindre ras. Det veit vi. Ein kystveg treng vi først og fremt for å knytte samfunna på kysten tettare saman.

Prosjektleiaren meiner det einaste framtidsretta løysinga er kommunikasjon nordover frå Florø over Terøya og sørover over Helgøya. Då hevdar han Florø ikkje vil bli isolert slik som var tilfellet fredag.

Venstre er samd

Leiar for Flora Venstre, Halvor Halvorsen er samd med Solheim-Olsen i at ei kystveg no må på plass.

– Det er ikkje nok å berre rassikre vegen mellom Florø og Førde. Det må settast i gang umiddelbart, men samtidig er det viktig å legge til rette for ein kystveg som faktisk ligg på kysten, seier Halvorsen. Han legg til at med klimaendringane og dei auka i vassmengdene desse fører med seg, gjer at det også hastar å få lagt føringane for ein trygg kystveg.

Kommentarer til denne saken