Steinras på fylkesveg 542 - entrepenør på veg

Av

SAMFERDSLE: Sperrar delar av vegen.

DEL

Det har gått steinras på fylkesveg 542 ved Gravaneset ca. 100 meter før Osstrupen bru i Stavang i Flora kommune.  Det melder Firda.

– Det stenger delar av vegen, men det er ikkje massivt, seier trafikkoperatør Kristian Fauskan i Statens vegvesen.

Raset blei meldt inn klokka 13.43 av ein bilist på staden. Entrepenør er sendt til staden og skal vere framme rundt klokka 14.20.

– Eg forstod det slik at det går an å komme seg forbi raset, men det må flyttast av maskineri, seier Fauskan.

Artikkeltags