Florø isolert etter ras

KØAR: Det var store køar på begge sider av raset. Foto: Kristian Helle

KØAR: Det var store køar på begge sider av raset. Foto: Kristian Helle

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Raset er ikkje stort, og Brendø Maskin har vore inne og rydda halve vegbana allereie, men vegen blir ikkje opna før klatrarar har vore inne i rasområdet og geologen er trygg på at vegen er trygg. Ei ny vurdering blir treft klokka 13.00.  

Det har gått ras i Makrellvågen ein kilometer vest for Grov-krysset på Riksveg 5. Raset gjer at det er uråd å komme køyrande til Florø i kveld fredag.

Det er mange som har vore på Black Friday-handling i Førde som no ikkje kjem seg heim igjen til Florø melder Firda.no

18.05 kunne vegtrafikksentralen opplyse om at vegen blir stengt til laurdag. 

Rasar framleis

– Det rasar framleis i området og vegen blir ikkje opna i dag. Vi kan ikkje sende folk inn i området og rydde før det er blitt dagslys, kunne dei opplyse.

Geologar skal inn og vurdere faren for fleire ras og treffe eventuelle tiltak.

Det har gått to ras tidlegare i dag og no er vegen sperra av jord og stein slik at det er uråd å passere. 

NRK Sogn og Fjordane fortel at det har vore køar på begge sider av raset og at ambulansepersonell måtte flytte ein pasient frå ein ambulanse på vestsida og over raset til ein ventande ambulanse på austsida av raset.

Båt mellom Florø og Villevika

Klokka 19.30 melder Vegtrafikksentralen Vest at det blir sett opp båt mellom Florø og Villevika.

Avgangane blir klokka 20.00, 21.00, 22.00 og 23.00 frå Florø, og klokka 20.30, 21.30, 22.30 frå Villevika.

Båtane har derimot avgrensa kapasitet på bilar, mellom fem og seks stk, melder Vegtrafikksentralen.

Artikkeltags