Ved 23-tida onsdag kveld melde Vegtrafikksentralen om at eit ras hadde gått på Fv602 i Gulen. Raset gjekk mellom Instefjordtunnelen og Hauglandtunnelen i Gulen kommune, og vegen måtte stengjast.

Ein geolog blei tilkalla, og det blei konkludert med at det ikkje var trygt å rydde og gjenopne vegen etter steinraset. Det skal gjerast nye vurderingar klokka 11 torsdag.

For tida er E39 mellom Førde og Bergen stengd, men Fv 602 er ikkje omkøyringsveg for E39.

Like over midnatt var det politi og helsepersonell sin tur til å rykkje ut.

På ein campingplass i Stryn kommune kom det meldingar om at eit par i 50-60-åra skapte uro og ordensproblem. Dei krangla, og det oppstod kroppskrenkingar. Begge var svært rusa, og kvinna blei teken med i ambulanse for helsesjekk og ivaretaking.

Mannen blei gjeve pålegg om å halde seg i ro resten av natta.

Litt lengre vest var Utrykkingspolitiet ute på ei kveldsøkt. På Nordfjordvegen ved Stårheim i Stad kommune hadde dei fartskontroll i ei 80-sone på Rv 15 frå klokka halv ni til midnatt.

Det resulterte i heile 18 forenkla førelegg, der den travlaste blei målt til 107 kilometer i timen. Det blei også skrive ut eit gebyr for manglande bruk av bilbelte.