Kommunedirektøren legg med bakgrunn i det opp til eit vedtak om samlokalisering og nye offensive rekrutteringsforslag i formannskapet torsdag:

Forslag til vedtak:

1. Plan for framtidig organisering av lege – og helsestasjonsteneste i Bremanger kommune vert godkjend slik den ligg føre.

2. Bremanger kommune held fram med eksisterande tiltak som fremjar rekruttering.

3. Nye rekrutteringstiltak som vert å vurdere i samband med budsjett- og økonomiplanarbeid:

  • Kommunalt lån til kjøp av fastlegepraksis
  • Kommunal garanti til gjenkjøp av fastlegepraksis for nye fastlegar som kjøper praksis i kommune og ikkje får selt den igjen etter å ha lagt den ut for sal i eit år.
  • Stipend under utdanning for helsesjukepleiar og fastlege. Bindingstid vert nytta.
  • Nedbetaling av studielån med 30 000.- pr år. Bindingstid vert nytta.
  • Fadder/mentorordning for helsesjukepleiar og lege
  • Tilby ulike arbeidstidsordningar for fastlegar
  • Større satsing på marknadsføring av Bremanger kommune som bu og arbeidsmarknad.
  • Kontakt med innbyggjarar frå Bremanger kommune som tek utdanning som lege og helsesjukepleiar.

4. For å lukkast i å rekruttere kvalifisert personell i framtida skal Bremanger kommune organisere tenestene i eitt helsesenter for lege og helsestasjon.

Det skal utarbeidast ein handlingsplan som viser verkemiddel og tidsplan for å gjennomføre endringa. Frist for utarbeiding av handlingsplanen er 15. juni neste år.

Då er det tid for ein svært vanskeleg debatt i den langstrakte kystkommunen.

Prosjektgruppa

Prosjekteigar er ordførar Anne Kristin Førde (Ap)

Prosjektleiar : Randi Ytrehus, kommunalsjef

Prosjektgruppe: Driftsjef for familie og helse, Anita Brevik, leiar for open omsorg indre, Hilde Gretha Hauge, Leiaande helsesjukepleiar Hilde Ommedal Myklebust og representant for tilsette; Hilde Larsen i Fagforbundet, som blei avløyst av Ann Lisbeth Hauge, hovudtillitsvald.

Referansegrupper: Eldrerådet, Rådet for menneske med nedsette funksjonsevne, Ungdomsrådet og Almennlegeutvalet

LES OGSÅ

Den politiske poteta som er for gloheit

Leverte protestlister frå havlandsfolket

Ole Brumm har forlatt Bremanger