Her er tuftene grave

GRUNNEN: Dette er tuftene til husa som stod der Rådhuset vart bygt i 1902/1903. Rådhuset vart bygt midt på aust-vest-grensa mellom innibynarane og utibynarane. Det førte nok til mindre friksjon mellom dei to rivaliseradne gruppene då det nye rådhuset skulle byggast. Dette er under golvet til J. Angell-Jacobsen sin gullsmedforretning som dreiv herfrå i over 100 år. Muren her støtta Sandahl-huset som vart flytta opp i Michael Sarsgata og vart gamleheim. FOTO: BSO

GRUNNEN: Dette er tuftene til husa som stod der Rådhuset vart bygt i 1902/1903. Rådhuset vart bygt midt på aust-vest-grensa mellom innibynarane og utibynarane. Det førte nok til mindre friksjon mellom dei to rivaliseradne gruppene då det nye rådhuset skulle byggast. Dette er under golvet til J. Angell-Jacobsen sin gullsmedforretning som dreiv herfrå i over 100 år. Muren her støtta Sandahl-huset som vart flytta opp i Michael Sarsgata og vart gamleheim. FOTO: BSO

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

FLORØ: Det er 113 år sidan Rådhuset i Florø vart bygt. Grunnvollane er oppe i dagen igjen.

DEL

Det er ei einteressant historie bak Florø sitt prydhus.
Det var i starten på eit nytt hundreår. Tunge fiskeritider hadde ikkje gitt Florø valuta for privilegia dei fekk med bystatusen i 1860. Men i 1890 snudde det. Fisket var rikt. Verdien på utbyttet av fiskeria her i fylket i femåret frå 1901 til 1905 var heile ni gongar større enn femåret ifrå 1881 til 1885. Mykje av grunnen var motoriseringa og effektiviseringa av fiskeflåten. Dette slo rett inn på veksten til Florø by. På denne tida var Florø sentrum i Sogn og Fjordane.

Stor optimisme

Med dei gode fiskeria og silda si tilbakekomst til kysten var optimismen stor.
Så i 1899 vart det sett ned ein komite som skulle greie ut rehabilitering eller ombygging av kommunehuset. Kommunehuset den gongen var Kinnhuset som i dag ligg mellom Lillevatnet og Storevatnet.
Komiteen på fem medlemmer derimellom sittande ordførar E.M. Hole gjekk inn for å bygge nytt rådhus.

Gjekk for nytt

Vedtaket gjekk igjennom bystyret. Vedtaket sa ein treetasjar høg murbygning av byggmeister Andreas Hansen. Lånet til bygget på 40.000 kroner vart innvilga i Kinn Sparebank og murmeister Hans Hansen frå Bergen fekk oppdraget for 34.878 kroner.
Tomta vart plukka ut. Strandgata 30. Ulempa var at her stod tre hus ifrå før. To av dei vart fjerna og det tredje, kjøpmann Sandahl sitt hus ved enden av den gamle bybrua (som ut gjorde grensa mellom «innibynarane» og «utibynarane» før Rådhuset fekk rolla som skilje).

Kommunal grunn

Huset vart kjøpt av kommunen etter at kjøpmann Sandahl døydde slik at det vart enklare for politikarane å peike på området for det nye rådhuset utan å gå om oreigning av tomt. Det låg midt i sentrum av Florø sin første veg Strandgata og ved Tollbodallmenningen (Trovikkaia)
Sandahlhuset hadde fleire offentlege funksjonar. Her var det ein større sal som jamleg var møtesal for Florø Handelsforening i tillegg til bystyremøte og mindre kommunale råd. I den austre enden heldt Florø øl- og vinsamlag til. Det var før 1900-talet ein svært så blomstrande forretning. Overskotet frå salet gjekk i hovudsak til å bygge ut gatenettet i byen. Harald J. Stavang skriv i den kulturhistoriske vegvisaren over Florø at ein kunne seie at jo meir folk drakk jo fleire meter veg og gate vart det i byen.
Dette var tomta «rådhus-komiteen» peika på. Sandalhuset flytta dei nordover til Michael Sarsgate 1 og skulle no bli byen sin første gamleheim.
Som vi kan sjå på bildet til høgre vart bygget murmeister Hansen skulle føre opp laga delvis på tuftene til det gamle Sandahl-huset i Strandgata 30.

Rådhuset brenn!

Rådhuset stod klart i 1903 og Elias Olsen skulle bli den første ordføraren i det staslege rådhuset. Det var ein litt annan standard i 1903 enn i dag. Først i 1911 fekk rådhuset innlagt vatn og først i 1913, med allmenn stemmerett for kvinner, vart også rådhuset belyst. I den meir elektriske forma vel å merke.
Ni år seinare, ei uvêrsnatt i 1922 oppstod det brann i telegrafstasjonen. Den låg i andre etasje mot vest. Årsaka var truleg eit lynnedslag. Andre og tredje etasje vart totalskadd i brannen og muren til murmeister Hansen stod att som eit skal på branntomta.
Forsikringspremien på huset var på 137.000 kroner og bystyret vedtok at huset skulle byggast om etter brannen.
Rådhuset hadde saltak då det stod ferdig i 1903, men no skulle bygget frå Mandsard-tak.
Denne arkitektoniske stilen som er slik rådhuset står fram i dag gjorde at loftet på rådhuset kunne innreiast med to familiehusvære.
I 3. etasje var det fire klasserom som var Florø folkeskule fram til det stolte skulebygget i enden av Hans Blom Gata (Skolegata) stod klar i 1934.
I tillegg var det god plass til både bystyre og administrasjon.

Bjarne Sunde flyttar inn

Bjarne Sunde vart kontorsjef på rådhuset i 1934 og flytta inn med familien sin på loftet. Den vesle jenta til ekteparet Ingrid og Bjarne, Wenche Karin Sunde, har i seinare tid har vist seg som ein gåvmild florøven busett i Bergen. Ho gav ein million kroner og fekk forretningsmannen Trond Mohn til å skyte inn ytterlegare 10 millionar som gjorde til at Florø Idrettssenter kunne løftast. Wenche vaks opp på loftet i Florø rådhus.
 

Florø sitt «slott»

Amanuensis ved arkitektur og designhøgskulen i Oslo, Kolbjørn Nesje Nybø underviser i arkitekturhistorie. Han meiner Florø rådhus er stilriktig monumentalbygg sjølv om noko restaurering kunne vore gjort for å møte dei viktige prinsippa i den arkitektoniske stilen.
– Fasaden mot gata er nyrenessanse-stil og ein klassisk arkitektur. Slike rådhus skal vere monumentale bygg som skal synleggjere borgarane si makt. I mellomalderen var det kyrkja som hadde makta, men med handelsutviklinga vart også handelsmenn mektige. Det var berre i byar du kunne drive handel. Makta til borgarane viste att i arkitekturen.
Etter brannen i 1922 vart Mansard-taket bygd i Jugend-stil, fortel Nesje Nybø.
Han fortel arkitekturen i rådhuset liknar på slottet i Oslo. Makta skal ligge over ein synleg sokkeletasje. Vindauga og taket er støtta på denne sokkelen. Inngangen er sentralt markert i ein portal som står tydleg fram. Dette blir kalla ein midtrisalitt.

Lua i handa!

Rådhusplassen gir det viktige rommet og er med å understreke monumentaliteten til bygget. Bysta som er utflyttarane sin gåve til Florø, er plassert presist i aksen på inngangspartiet til huset og viser at rådhusplassen er rådhuset sin eigen.
– Arkitekturen skal fortelje deg at her skal hatten av. I dag har vi andre hjelpemiddel for å synleggjere status. Men å synleggjere makt er heilt sentralt i klassisk arkitektur. Andre etasjen er det engelskmenn kallar «The first floor» og arkitektane brukar det latinske uttrykket «Piano-Nobile». Det er her ordføraren sit. Det er den finaste etasjen. Flaggstengene som kjem ut av bygget er understøttar dette.
Kommersialisering av sokkeletasjen har vore tradisjon for i slike monumentalbygg. Også i Florø rådhus. Dette har ofte vore nødvendig for å kunne finansiere eit grandiost prosjekt. Gullsmeden Johan Angell-Jacobsen opna allereie i 1906 og dreiv i over 100 år. M.M. Myklebust hadde slakteri på vestsida.
Florø Rådhus
 

Teikna av byggmeister Andreas Hansen og utført av murmeister Hans Hansen. Begge bergensarar.
Stod ferdig i 1903
Huset er oppført i Renessansestil, men etter brannen i telgrafen i 1922 fekk huset Mansard-tak i jugend-stil. På loftet vart det lagt til rette for to familiehusvære.

Artikkeltags