Råd frå Røde Kors: – Vel hyggje framfor lang topptur med barna

Illustrasjonsfoto frå Grolsfjellet i Bremanger.

Illustrasjonsfoto frå Grolsfjellet i Bremanger. Foto:

Av

Røde Kors har den siste tida hatt fleire utrykkingar der foreldre har større turambisjonar enn barna, og rår familiar til å vektleggje hyggje framfor kilometer.

DEL

– Det er flott at mange veljar å dra på turar saman med barn i sommar. Samtidig må vi jamleg hente eller hjelpe familiar som overdimensjonerer turen, seier Kjersti Løvik, landsrådsleiar for Røde Kors Hjelpekorps i ei pressemelding.

Mange familiar ferierer i Noreg i sommar, i både fjellheimar og ved fjordar. Røde Kors ber no turgåarar vere medvitne om turvalet etter ei veke og helg med fleire redningsoppdrag over heile landet.

Mange turgåarar har fått problem etter dårleg vêr eller skadar, og redningsbåtar frå Røde Kors har hatt fleire oppdrag.

– Det hender at vi må hente veldig små barn som er på tur med familien. Det er vi vaksne som set dei i situasjonar dei ikkje har føresetnader for å meistre og som derfor lett utviklar seg til farlege situasjonar. Gi barna gode meistringsopplevingar, så kan ein heller gå Besseggen og ha andre mål når dei har blitt eldre og meir turvande, seier Løvik.

Ho presiserer at det er forskjell på situasjonar ein taklar som vaksen og situasjonar ein taklar som åtteåring.

Så langt i fellesferien har Hjelpekorpset hjelpt fleire familiar på tur ved nokon av dei mest populære turistområda i Noreg.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken