Quizosiadote: Kva var det Gimli ønska seg i gåve frå Galadriel då ho møtte ringens brorskap i Lothlorien?

Kva er «Quizosiadote» tenker du kanskje, og det skjønar vi godt. Vi er ikkje heilt sikre sjølv. Men det er ein podcast!

DEL

Vi kan ikkje la gutane i Tempopodden ha podcaststudio heilt for seg sjølv. Det er på tide å kome seg på hesten igjen. I haust prøver vi oss på eit nytt konsept. Noko vi har kalla for «Quizosiadote».

Vi er i denne samanhengen Benjamin Mellingen Thuen og Arne Hjorth Johansen.

Men kva er «Quizosiadote»?

Vi er sant å seie ikkje heilt sikre sjølv. Er det ein anti-quiz? Eller berre organisert ordgyteri? Vegen blir til mens vi går, men tanken er at Quizosiadote er ein quiz der målet er å svare på færrast mogleg spørsmål. I staden for å svare er meininga å kome med så mange assosiasjonar og anekdotar som vi berre klarer.

Den som lager quizen startar programmet med 20 spørsmål, så får vi sjå kor mange han kjem seg gjennom i løpet av den halvtimen vi har bestemt at denne podcasten skal vare.

Er det teit? Eller er det gøy? Det får bli ein oppgåve for framtida å vise. Her er uansett første episode av QUIZOSIADOTE!

Artikkeltags