1-literkartongar lettmjølk med 0,5 prosent feitt frå Q-meieriene blir trekte tilbake. Mjølka inneheld for mykje D-vitamin. Kartongane har best før-dato 7.11.22.
Dei aktuelle mjølkekartongane er distribuerte til butikkar i Sør-Noreg, skriv Nationen.
For stort inntak av vitamin D kan vere skadeleg. Derfor blir produktet kalla tilbake. Forbrukarar som har kjøpt det aktuelle produktet, blir bedne om å kaste det, opplyser Mattilsynet.
(©NPK)