– 2015 er vårt år

Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er no ting kan skje. Skal noko skje må det vere i år, seier Thomas Daviknes Hansen etter at Punch gjekk av scena på John Dee i Oslo.

DEL

Det har vore stilt frå Florø-bandet Punch det siste året. Orsaka til det er såre enkel; dei har arbeida på spreng for å ferdigstille deira første plate som skal lanserast denne våren.

Mange jern i elden

Og kvartetten frå Florø har hatt mange jern i elden. Rockealliansen, som er eit samarbeidsprosjekt for utøvarar i rockebransjen, slapp si første samleplate fredag den 27. februar. Laurdag var det sleppfest på John Dee i Oslo og i forkant av konserten hadde lysteknikar Neil Solheim allereie hausa Florø-bandet monaleg opp på sosiale medium.
– Dette bandet kjem du til å høyre om i framtida! Nytt høvet til å skryte om framtidig bransjecred og kunne seie at du oppdaga dei først. Sjekk ut ei groovy og fengande energibombe av eit band, som ikkje har planar om å sitte på ræva og vente på at ting dett i fanget deira. De veit, eit slikt band som det er sinnssjukt vanskeleg å finne for tida, melde Solheim.

Mangelvare

Solheim, som har vore lysteknikar for band som Kaizers Orchestra, Madrugada og Satyricon, var strålande nøgd med det Punch leverte på musikkscena ved Youngstorget.
– Punch har noko som er ei stor mangelvare i dag. Det einaste som trengst er at folk får sett dei seier Solheim.
Hovudpersonane sjølv var og strålande nøgd.
– Det var vanvitig gøy å spele igjen. Vi har ikkje hatt ein offisiell konsert sidan Flaterock i slutten av august. Så det var fantastisk herleg å stå på scena igjen, sa ein oppglødd Niklas Westbø Iversen etter at bandet var gått av scena.
Heile elleve band stod på scena i løpet av kvelden og Punch leverte eit fyrverkeri av ei førestilling dei 20 minutta dei stod på scena.
– Vi er energiske til dei grader når vi først kjem på scena. Utanfor er vi rolege og vi er ikkje akkurat dei typane som kastar fjernsyn ut av hotellvindauge. Vi er meir dei som passar på å ikkje drikke kaffi etter klokka sju i fare for å miste nattesøvnen. Så du kan gjerne si vi får utløp for alt når vi først kjem opp på scena, ler Westbø Iversen.
Punch fortel at dei i 2015 vil spele betydeleg fleire konsertar og i løpet av våren kjem også deira første album.

- Vårt år

– Det vil bli mykje fleire konsertar for oss i år. Vi kjem til å ha releasekonsertar i Bergen og Florø i samband med sleppet av plata vår Rekyl, fortel Klubben.

Og draumen er den same som den alltid har vore. På sikt håpar dei å kunne leve av musikken.
– Det er no ting kan skje. Skal noko skje så må det vere i år, seier Thomas Daviknes Hansen og mimrar tilbake til FotballFlora då dei varma opp for BigBang. Då sa Øystein Greni at det normalt tek ti år for eit band å slå skikkeleg igjennom. Punch er inne i sitt åttande år saman og håper at 2015 blir deira år.

Artikkeltags