Det er ingen tvil om at eit nedstengt uteliv og skjenkestopp påverkar politiet sin oppdragsmengde, men trass i det har det vore mange oppgåver å ta seg av for politivakta rundt i heile Sogn og Fjordane, skriv politisjef i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, i ei pressemelding.

Statistikken over høgtidas oppdrag for politiet ser slik ut:

Det har vore 19 trafikkulukker og 3 blei tekne for promillekøyring.

Vidare var det 6 oppdrag der patrulje rykka ut med våpen (Johannessen presiserer at dette dreiar seg om væpna oppdrag ut frå ein risikovurdering). Det var 12 oppdrag på vald og trugsmål og 7 oppdrag som dreia seg om familietilhøve.

Til sist var det 22 meldingar og oppdrag i høve psykiatri.