Det seier operasjonsleiar Knut Dahl Michelsen ved Vest politidistrikt etter eit basketak mot ein mann i 30-åra laurdag morgon.
Det var klokka 05.38 laurdag morgon at ein person i 30-åra ville inn på ein fest han ikkje var invitert til i Botnaholten i Florø.
Personen var overstadig rusa og hadde plaga meldar ein times tid før huseigaren tok kontakt med politiet.
– Personen ville ta bilde av huseigaren, seier politiet.
Då innsatsleiar og ei ekstra politipatrulje kom på staden 06.07, verka det som om personen øste seg vidare opp.
– Etter kvart verka det nyttelaust med mildare tiltak som pålegg og bortvising ifrå staden.
Personen stod fram rusa og kranglete og ville ta bilde. Det eskalerte i slik grad at personen spytta mot politiet som var kome til staden for å få roa ned gemytta.
Når politiet kom på personen, spytta han og gjorde kraftig motstand. Det vart etter kvart til eit basketak som enda med at politiet fekk kontroll og sett handjern på mannen.
– Ingen skal ha blitt skadd etter hendinga, men han er no meld for forulemping. Målet til huseigar var berre å få denne personen bort. Det ligg ikkje føre noko melding ifrå huseigaren mot mannen som måtte sove ut rusen i drukkenskapsarresten, seier operasjonsleiaren. Personen er no dimittert og vil truleg berre få ei bot om personen då ikkje har andre oppgjer med politiet.