Skredfarlege punkt i Vestland kjem langt ned på lista med forslaget til ny skredfaktormodell frå Statens vegvesen. Fylkesutvalet legg inn ein kraftig protest.

– Dette blir heilt feil for Vestland som det største rasfylket i landet, vi kan berre ikkje gå for ein slik vurderingsmodell, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland i ei pressemelding.

– Våre innbyggarar må leve med flest skredpunkt i heile landet, med ras- og skredfare sommar som vinter. Med modellen Statens vegvesen foreslår kjem prioriterte og farlege skredpunkt i bygder i Vestland langt ned på lista, det kan vi ikkje akseptere.

Statens vegvesen sendte «Høring på ny regnemodell for skredfaktor» til fylkeskommunane i september og saka var oppe i fylkesutvalet denne veka.

Rasfylket Vestland kjem langt dårlegare ut

Vegvesenet sin skredsikringsmodell vurderer kor rasfarleg ei vegstrekning er. Vurderinga har til no og bestemt fordelinga av midlane fylka får til skredsikring.

Kva som skal vege tyngst og gje «høg skredfaktor» er endra i framlegget til ny modell. No blir til dømes rasfrekvens vekta lettare og skredbreidde tyngre.

At delfaktoren "skredbredde" blir vektlagt tyngre er noko av det fylkesutvalet er spesielt kritiske til.

– Eit par steinar som dett ned i vegen frå bratte fjellsider kan gjere minst like stor skade som eit breitt snøskred, og ha fatale konsekvensar. Kor ofte det rasar må telle meir, seier Askeland.

Heilevang og Tokagjelet langt ned

Med ny modell kjem 6 av 7 strekningar i Vestland som er prioriterte til skredsikringstiltak langt ned på lista. Til dømes Heilevang, som seinast 11. november 2022 vart stengt grunna akutt rasfare, rykkjer 1269 plassar ned på lista over farlege skredpunkt. Tokagjelet som også er høgt prioritert som rassikringstiltak kjem 179 plassar lenger ned.

– Belastninga for skuleborn, arbeidstakarar og næringsliv i Vestland blir enorm når rasfaren er stor. Ein skredsikringsmodell må vektlegge kor ofte det faktisk rasar høgst. Deretter om det i det heile tatt finst omkøyringsveg, og kor lang denne er, seier Askeland.

Fylkesutvalet peiker også på at breie skred som snø- eller sørpeskred er lettare å føreseie og varsle, og at ein her har større moglegheit til å unngå farlege situasjonar med t.d. vegstenging. Steinsprang skjer meir uavhengig av ver og vind, året rundt, og fører også til stor psykisk påkjenning for innbyggarane.