Det er hovudkonklusjonen etter det toårige forsøksprosjektet Frikalv i tre kommunar på Vestlandet.
Formålet med Frikalv var å undersøke kva for moglegheiter og avgrensingar som ligg i å tilby fri avskyting av hjortekalv.
Kommunane Kvinnherad, Aurland og Kinn (delen som omfattar gamle Flora) deltok i forsøksprosjektet, som kom i stand etter initiativ frå kommunar med ulike utfordringar med å forvalte hjort.
I praksis betyr Frikalv at den ordinære tildelingan av kvotar for kalvar ikkje avgrensar kor mange hjortekalvar som kan fellast innan eit jaktfelt.
– Forsøkskommunane auka andelen kalvar i uttaket med 3 prosentpoeng, samanlikna med nabokommunar utan tilgang til kvotefri kalvefelling. Bruk av ordninga varierte mellom dei ulike valda innan den enkelte kommune. Totalt sett auka andelen kalver i uttaket hos både store og små vald, men store vald fell likevel jamt over ein høgre andel kalver enn mindre vald, seier seniorforskar Vebjørn Veiberg i Norsk institutt for naturforsking (NINA) i ei pressemelding.
400 svarte på spørjeundersøkinga
Etter forsøksperioden blei det gjennomført ei spørjeundersøking retta mot jaktrettshavarane og hjortejegerar.
Formålet var å samle informasjon om målgruppas erfaringar med prøveordninga, og kva tankar dei hadde om ei eventuell vidareføring av kvotefritak for kalv. Det kom inn nærmare 400 svar.
Halvparten av jegerane rapporterte at prøveordninga resulterte i fleire felte hjortekalvar i deira jaktfelt.
Blant dei som svarte at forsøksordninga ikkje hadde ført til fleire felte kalvar, var årsaka primært at dei ikkje hadde hatt skoddmoglegheit på kalv i løpet av jaktturen.
For kring ein fjerdedel av jegerane førte ordninga til at dei jakta meir enn dei elles ville gjort. Manglande tid var likevel det som i størst grad avgrensa jegeranes totale jaktinnsats.
Over halvparten var positive
– Samla sett melde 55 prosent av dei som svarte at dei oppfatta kvotefri felling av kalv som eit godt tiltak. Dei viktigaste grunnane var å bidra til ein sunnare bestandsforvaltning og auka moglegheiter til å regulere hjortebestanden, seier Veiberg.
I kommunane med tettast hjortebestandar (Kvinnherad og gamle Flora) blei moglegheita for kvotefritt uttak av kalvar vurdert som eit betydningsfullt tiltak for å redusere beiteskadar.
Effekten av kvotefri kalvefelling vart gitt mindre betyding i Aurland, som har ein vesentleg lågre bestandstettleik.
Fryktar at for mange kalvar blir felt
35 prosent av respondentane var negative til ordninga. Blant skeptikarane var det størst bekymring knytt til at kvotefritak på kalv ville resultere i for mange felte kalvar og manglande kontroll på bestandsutviklinga.
Dårleg utnytting av kalvens vekstpotensial var også eit synspunkt som mange framheva. Spørjeundersøkinga avdekka også at nær 10 prosent av jegerane framleis er prinsipielle motstandane av å felle kalvar.
Hausten 2022 fekk heile 75 kommunar dispensasjon til å opne for kvotefri felling av hjortekalvar.
– Det er for tidleg å sei korleis dispensasjonen har påverka jaktuttaket i haust i desse kommunane, men det blir interessant å sjå om resultata fell saman med funna frå det meir avgrensa forsøksprosjektet, seier Veiberg i NINA.

– Målet med fri kalveskyting er å skaffe oss meir kunnskap

Politiet veit om varslingsproblem: – Vi tek dette på alvor
