Mann i 20-åra tatt med promille

Av
DEL

FIRDA: Litt før klokka 02.30 natt til laurdag vart ein bilførar i Florø stoppa på grunn av mistanke om alkoholpåverknad. Føraren var ein mann i 20-åra og han var aleine i bilen.

– Det var ein patruljebil som sjølv observerte bilen og fekk mistanke om promillekøyring. Føraren blåste, og det gav utslag. Han blei deretter tatt med til legevakta for å ta blodprøver, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet hadde også ein promillekontroll ved Havhesten i Florø i natt. 12 førarar vart kontrollerte, men ingen gav utslag på promilletesten.

Artikkeltags