Gå til sidens hovedinnhold

«Problemet med innvandrarane er ikkje at dei har gått til krig mot jula»

Artikkelen er over 1 år gammel

Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.

Så kom den i år også. Stormen i julebrusglaset. Den verste juletradisjonen av dei alle. Nokon er ute etter jula vår. Denne gongen var det Seljord barne- og ungdomsskule som visstnok hadde nekta elevane å bruke ord som «julemat», eller «juleball». I staden skulle dei bruke ord som «tradisjonsmat» og «skuleball». Sjølv om rektor avkrefta det heile, gjekk alle landets tastaturkrigarar i attakmodus. Dette måtte vere muslimane si skuld.

Politikarane hoppa på saka. At dette var mat for Frp overraska ingen, men dei fekk ikkje ha den åleine. KrF sin Kjell Inge Ropstad kasta ut eit skjermbilde av ein notis frå NRK Telemark, og la til følgeteksten «Dette blir for dumt. I Norge feirar vi jul. Einig?» Seinare kopla han saka opp mot innvandrarar gjennom ei utsegn til NRK. Heller ikkje i Høgre var det nokon vaksne heime. Dei lagde eit meme med eit utklipp, også det frå NRK Telemark, og slo fast at i Norge skal det sjølvsagt vere lov å seie julemat og juleball. Den publiserte dei samtidig som kommuneleiinga i Seljord prøvde å handtere truslar mot tilsette frå sinte kulturkrigarar.

Ingen av rikspolitikarane, eller dei politiske partia, tok seg bryet med å kontakte kommunen for å sjekke kva som hadde skjedd. Hadde dei gjort det, hadde dei fått vite at skulen ikkje har noko forbod mot å bruke ord med jul i seg. Dei hadde også fått vite at grunnen til at dei i nokre samanhengar brukar orda «skuleball» og «tradisjonsmat» ikkje har noko med muslimar å gjere. Det handlar, slik det nesten alltid gjer i desse sakene, om Jehovas Vitne. Dei praktiserer eit strengt forbod mot å delta på arrangement som på noko vis ber preg av å vere relatert til jul. Skulen har eit ønske om å inkludere også dei elevane mest mogleg.

Muslimar flest har ikkje noko problem med julefeiring. Basim Ghozlan er forstandar for Det islamske forbundet, og han seier til Filter Nyheter at jul i Norge for det meste handlar om kultur, ikkje religion, og ein muslim kan delta i alt som ikkje er i strid med eiga overtyding. Sjølv deltar han ikkje i alkoholdrikking, og det er enkelte songar han ikkje vil synge, men han kan godt vere med på julebord, julefest eller kva det elles måtte vere.

Problemet med innvandrarane er ikkje at dei har gått til krig mot jula. For det har dei ikkje. I den grad det er noko problem er det heller at dei har blitt altfor glade i jula. I Porsgrunn har dei hatt eit arrangement som heiter «Julaftan for alle» sidan tidleg på syttitalet. Eit arrangement der tanken er å invitere menneske som er åleine på julaftan, og byens «lause fuglar» på julefeiring. Der har det vore julegåver til barna, og julemat til alle. Kylling til dei som ikkje vil ha svineribba som er så populær på Austlandet.

Men i år blir det ikkje noko arrangement. Det har blitt for mange gjester til at dei klarer å handtere det på ein god måte. I fjor kom det 140 personar for å feire jul, og ein stor del av dei er innvandrarar. Dei «lause fuglane» er i mindretal, og har no gjett uttrykk for at det blir for mykje for dei med så mange folk. Dei ville slutte å kome.

Innvandrarane har lite pengar, lite nettverk, og store familiar. Difor har dei flokka til arrangementet. I fjor var det kaos. I år har arrangørane tatt ein pause for å sjå om det er noko dei kan gjere annleis. Dei snakkar om å ta arrangementet tilbake til røtene. Eg går ut ifrå at det betyr at dei skal ta det tilbake til dei lause fuglane. Innvandrarane får fikse jula sjølv.

Her er vi altså no. Ein ikkje-eksisterande trussel mot jula får politikarane til å gå av skaftet, sjølv folk som burde vite betre, i det som ein gong var anstendige parti. Medan ingen bryr seg nemneverdig om at vi no har så mange fattige familiar. Så mange barn som veks opp i fattigdom, at dei frivillige ikkje lenger klarer å handtere ei temmeleg enkel julefeiring for dei. Nokon skulle hatt juling.

Når julekrybba er tom, bitst hestane seiast det. Vi får berre håpe det framleis er plass i stallen for dei som treng det.


Kommentarer til denne saken