Postomberinga blir redusert med 40 prosent

Illustrasjonsfoto. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Illustrasjonsfoto. Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix Foto:

Av

Frå 1. juli vil Posten redusere postombernga frå fem dagar i veka til annankvar dag.

DEL

Fallande brevvolum og digitalisering er bakgrunnen for reduksjonen i talet på omdelingsdagar. Avisutdeling vil likevel framleis føregå seks dagar i veka, og post i butikk vil gå som før.

Avdelingsdirektør Hans Jørgen Enger i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit forklarer at formålet er å tilpasse tilbodet, slik at folk og næringsliv framleis skal ha eit godt posttilbod over heile landet.

– Postombering annankvar dag er betre tilpassa etterspurnaden i framtida etter posttenester, seier Enger i ei pressemelding.

(©NPK)

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags