- Det gjekk over all forventning og enda slik eg håpa.

Det seier styreleiar i korpset, Cathrine Holsen Gardner, som torsdag kveld samla musikantar og korpsforeldre for å diskutere stoda rundt det 54 år gamle skulemusikk-korpset i Eikefjord. Sviktande deltaking og manglande rekruttering hadde då ført korpset ned i berre seks aktive musikarar, og korpset stod i reell fare for å måtte leggje ned.

- Signala var tydelege frå både foreldre og ungar: Alle vil dra lasset og forsøke å rekruttere fleire medlemmer til korpset, seier Gardner.

Betre på sosiale medier

- Men korleis skal de klare det?

- Vi har eit forbetringspotensiale. Som eit døme er vi altfor lite til stades i sosiale medier og marknadsfører kva vi driv med. Her skal vi skjerpe oss. I tillegg vil korpsforeldre snakke med andre foreldre og vektlegge det gode sosiale miljøet vi har, og at ungane stortrivest med aktiviteten sin, seier Gardner, som også trur litt myteknusing blir viktig framover.

- Mange trur at det å ha ungar i korps, betyr ein voldsom dugnadsbelastning for foreldra. Men sjølv om vi har mykje aktivitet, så gjer vi alltid ting saman, og det er fint lite reint dugnadsarbeid for den som har eit barn som korpsmusikant, seier styreleiaren.

På møtet kom det fleire positive overraskingar. Fleire medlemmer som anten hadde slutta eller varsla at dei ville gi seg, har bestemt seg for å vere med vidare. Dermed blei ikkje krisemøtet noko nedleggingsmøte.

- Vi hadde utansett ikkje kunne lagt ned korpset på eit slikt møte. Det er det kun årsmøtet som har mynde til. No held vi fast ved planen frå sist årsmøte om å drive vidare gjennom 2020, så evaluerer vi etterpå, seier styreleiaren.

Startar øvingar torsdag

Allereie torsdag er det klart for øving, både for korpset og for aspirantane. Dei skal øve samtidig, slik at aspirantane får høve til å møte korpsmedlemmene i pausane og bli kjende med dei.

- Vi har rom for fleire, så det er berre å kome. Vi tek imot ungar frå 3. klasse og oppover, og vi ser stort på den øvre aldersgrensa på 19 år. Det er aldri for seint å byrje i korps, slår Gardner fast, og minner om at du ikkje må ha adresse Eikefjord for å spele i Eikefjord skulemusikk.

- Viss det er ungar i Norddalsfjord, i Naustdal eller andre bygder som har lyst å bli med oss, så er dei sjølvsagt hjarteleg velkomne. Det gjeld også ungdommar frå Florø, viss korpsa der ute har øvingstider som gjer det vanskeleg for dei å delta der, seier Gardner.