Det er eit stort smittetrykk for tida og i dag fredag gjekk smittevernoverlege i Kinn kommune, Jan Helge Dale ut med at dei no har fått ei positiv prøve i Florø. Tiltak er iverksett for å hindre vidare smitte.

I Helse Førde sitt område vart det torsdag meldt om fire nye positive koronaprøver, av 257 analyserte testar. Måndag til onsdag denne veka var det totalt seks positive prøver i Helse Førde. Mellom anna er det smitta personar i Hyllestad og i Askvoll.

Firdaposten kjem attende med meir om saka