Mor og son.
Tarjei Langeland

Møt Håvard: Bipolar og rusavhengig

Agnes Alisøy har ligge mykje vaken nattestid og grubla dei siste femten åra. Med auga igjen har ho planlagt gravferda til sonen Håvard, natt etter natt.
Av
Publisert

Agnes har høyrt på kvar ein lyd og kjent på angsten kvar gong ho har sett eller høyrt ambulansen. Å ligge slik og førebu seg, å spele igjennom kvart eit utfall ned til den minste detalj, er noko dei fleste med angst kan kjenne seg att i. No er ho sjukemeldt med diagnosen posttraumatisk stressliding. Det er prisen ho har måtte betale for å vere medavhengig til guten hennar, Håvard (34).

Håvard og familien Alisøy Søvig er for mange i Florø kjent gjennom musikken og teateret. Kunstnarfamilien, med mykje lidenskap og varme. Mor til Håvard, Agnes, er sufflør. Søster Oda er skodespelar. Pappa Otto jobbar på E. Natvik Prenteverk A/S og spelar kornett og trompet i Florø Hornmusikk, og broren, Kjetil, er personleg trenar og kjent for mange som musikkprodusent.

I løpet av samtalen min med Håvard blir det veldig klart for meg at bekymringane han har gitt sine nærmaste gjennom rusmisbruket sitt, og tilliten han har brote, gong etter gong, er ei tung bør å bere.

– Det er mykje eg angrar på. Dei har vore igjennom eit helvete. Mange rusmisbrukarar som blir rusfrie vaknar opp til erkjenninga om all den skaden dei har gjort, og så flyktar dei tilbake, inn i rusen igjen. Eg kan ikkje ta det eg har gjort heilt inn over meg. Då kjenner eg på trongen til å flykte. Det einaste eg kan gjere no er å gjere mitt beste, og gi alt eg kan av kjærleik tilbake.

Familien Alisøy Søvig på Kinnaspelet i 2012. Frå v.: Otto, Oda, Kjetil, Agnes og Håvard. Håvard var i ei relativt stabil periode då, men det var i tida etter at det verkeleg eskalerte.

Familien Alisøy Søvig på Kinnaspelet i 2012. Frå v.: Otto, Oda, Kjetil, Agnes og Håvard. Håvard var i ei relativt stabil periode då, men det var i tida etter at det verkeleg eskalerte. Foto:

Begge beina godt planta i skyene

Det har gått 461 dagar. 39 millionar sekund. Så lenge har Håvard vore rusfri i skrivande stund. Han er ikkje så opptatt av å telje lenger, men i lange tider var kvart sekund, kvart minutt, ein siger. No feirar han månader. Til og med år. Og han gler seg over livet. Å vere rusfri er hans nye avhengigheit, den beste rusen av dei alle.

Håvard har ei eiga evne til å dele og vere open om vanskelege tema. Han legg ikkje skjul på noko og har ei grunnhaldning om at alt er greitt og at det er plass til alle. «Han koselege?» har eg høyrt frå fleire hold når eg omtalar han. Når det gjeld rusmisbrukarar er han ikkje blant dei aller tyngste. Han har aldri sett ei sprøyte. Men som dei fleste som har gått den vegen er sjukdomsbildet komplisert, og bruken av rus heng tett i hop med psykiatrisk liding.

Bak seg har han tolv innleggingar. Frivillig tvang, kallar Håvard det. Totalt har han 33 månader på psykiatrisk avdeling og psykosepost. Endelaust mange netter omringa av vegger som ikkje er heime, endelaust mange brotne løfte og løgner på samvitet. Han har fått diagnosen bipolar liding type en og har vore igjennom fleire psykosar, der tre har vore av den alvorlege sorten og har vart i opptil seks månader. Han har forsøkt å ta livet sitt og har hamna i koma som resultat.

Frykta for permanent psykose

Ein søndag i juli 2016 vakna han opp heime, klar til å få hjelp. Kvelden før small det. Han var i ei «narkisbule» i lag med to andre. I tida opp mot dette augneblikket hadde han trappa ned til halv dose antipsykotiske medisinar. Dette hadde han kombinert med eit stort forbruk av hasj, amfetamin og piller.

– Eg tok eit trekk av jointen og kjente med eitt at hovudet vridde seg, fortel han og viser med handa korleis hovudet vart skrudd som ei rubikskube.

– Når eg såg på dei rundt meg var eg overbevist om at dei var vampyrar. Eg blei så redd at eg kjente eg tissa litt på meg. Angsten manifesterte seg fysisk i kroppen min.

På eit blunk var han på veg inn i ein psykose. Han fortel at mange i aktiv rus gjer dette med vilje. Dei brukar amfetamin, og går lange tider utan søvn. Når dei då røyker hasj får dei kraftige hallusinasjonar. Mange taklar dette, men Håvard hadde vanskar med å skilje mellom hallusinasjonane og verkelegheita. Vanlegvis hadde han gått med begge beina rett inn i ein ny psykose, men det han opplevde denne gongen beskriv han som å vere halvvegs psykotisk. Å ha ein fot i kvar verd. Kanskje var det fordi han visste kva det var og hadde vore igjennom det før, at han klarte å halde frykta på ei armlengdes avstand. Han hadde kjent den intense angsten og paranoiaen før. Ved å fokusere på å puste djupt inn klarte han å roe seg og etter kvart kare seg til eit rom og ei seng der han kunne slappe av. Han sov ikkje eit sekund den natta.

Eg hadde ikkje lyst å døy. Eg hadde berre ikkje lyst å leve lengre.

Håvard Alisøy Søvig

Neste dag stod han heime i stova med kniven på strupen, bokstaveleg talt, og skulle ende det framfor mora og faren.

– Eg taklar berre ikkje det her meir! skreik han.

Men Håvard hadde ikkje lyst å døy. Han hadde berre ikkje lyst å leve lenger. Ei kjensle han hadde kjent på mange gonger før.

Sjølvinnsikt på botnen

– Før eg kom heim hadde eg tatt ein «benzo». Rivotril. Det er beroligande piller. Heldigvis. Dei tok til å virke, og eg roa meg ned. Då eg vakna seinare på dagen gjekk eg rett på møte for 12-trinnsprogrammet. Det var ikkje mitt første møte. Men det var annleis denne gongen. Eg hadde nådd botnen. Eg fortalde kva som hadde skjedd på møtet. Om alt eg hadde gjort. Ingen sa noko. Dei berre nikka anerkjennande. Det er slik det er på møta. Ein blir ikkje dømt for det ein seier. Etter møtet trefte eg og han som seinare skulle bli sponsoren min, hos ein ven. «Vil du ha hjelp no?» spurte han. Ja, svara eg. Det var alt dei trengde å høyre.

Den natta køyrde sponsoren han til Kildevangen. Ein liten 12-trinns privatklinikk på Toten. Han måtte ta opp forbrukslån for å betale for det. Pappa Otto var skeptisk. Han har aldri ønska at Håvard skulle ende opp med lån i den situasjonen han var i.

– Eg vil tippe det har gått mange hundretusen. Ikkje berre i pengar, men i mat, husleige, nedvasking av leilegheiter og slikt. For ikkje å snakke om all tida og energien han har lagt ned. Pappa har vore limet i familien, fortel Håvard.

I desperasjon etter å skaffe stoff lurte Håvard ein gong faren til å tru at han skulda pengar, og at folk var etter han. Då er det kanskje ikkje rart at ein blir litt skeptisk når det er snakk om pengar. Mykje pengar. Trass i dette, etter litt overtyding, stilte han som kausjonist for lånet som sikra sonen behandling. 117.000 kr kosta det, for seks vekers behandling.

Du møter sjeldan på folk som er tøffare og som toler meir motgang enn dei som er rusavhengige.

Håvard Alisøy Søvig

– På veg dit kjente eg ei endring i meg. Eg sov godt den natta, i bilen, smiler han.

– Det som var annleis med denne klinikken, i forhold til dei plassane eg hadde vore før, er at det var ein studie, ei skolering i eigen avhengigheit og sjukdom. Eg lærte teknikkar for å meistre vanskane mine. Ein snakkar ofte om viljestyrke. «Kan du ikkje berre slutte?» Eg har meir enn nok viljestyrke. Du møter sjeldan på folk som er tøffare og som toler meir motgang enn dei som er rusavhengige. Det eg mangla var sjølvinnsikt. Det tok lang tid, men eg hadde endeleg lært. Det var rusen som styrte meg. Ikkje omvendt.

Flukt frå einsemda

Når eg møter Håvard til den første praten vår, har han akkurat komme ut frå banken og signert på eit papir om refinansiering av lånet han tok opp for behandlinga. Han har nyleg flytta inn i ny leilegheit. Han har fått delvis støtte av Husbanken, eit lån med gunstig nedbetalingstid og renter og som ung ufør er han sikra ei fast inntekt i lang tid framover. No koser han seg med kvardagslivet. Dei heilt små tinga gleder han. Det å greie å gjere ting sjølv. Det å meistre livet. Heilt vanlege ting som ein byrja å vegre seg for i depresjon. Ting som får han til å føle seg vaksen.

Men for å forstå må vi spole litt tilbake. Håvard sin historie med avhengigheit byrja i barndommen. Først kunne det verke uskuldig. Ein konstant higen etter noko. Først i form av å tømme skap i heimen for snop, chips og brus. Når han ikkje fekk nok heime blei freistinga for stor til å stele. Men det handla ikkje om å gjere opprør. Det handla om å flykte, om vanskelege kjensler han ikkje ville møte, om ei altoppslukande einsemd og ei kjensle av å ikkje høyre til. Å erstatte kjensla av tomheit. Heilt sia barndommen søkte han etter noko, men etter kvart som han blei ungdom blei den utagerande oppførselen meir harmfull. Han kunne nok gått mange forskjellige vegar, men dei handla alle om det same.

– Eg byrja å spele på automatar. Ein dag gjekk eg ned til farmor og fant fram lommeboka hennar og tok ein tusenlapp. Eg sprang rett bort på videobutikken. Det er jo ikkje greitt. Då eg kom heim stod foreldra mine i trappa. «Busted», tenkte eg. Eg fekk skikkeleg kjeft, men då eg kom inn til farmor sa ho, «Slapp heilt av, Håvard. Eg kjenner mange som er spelegalne. Berre behald pengane, du!» Eg spelte aldri på automatar igjen. Eg fekk veldig dårleg samvit av kjeften eg fekk, men det var tilgjevinga frå farmor som gjorde at eg slutta.

Når rus blei til identitet

I ein alder av 14 år byrja han å eksperimentere med alkohol, og fall inn i eit mønster der han drakk altfor mykje og agerte med ekstrem dramatikk. Einsemda fekk fritt spelerom i rusen. Dagane etter kom angsten.

– Eg var ei skikkeleg «drama queen» når eg drakk, ler han.

– Eg følte at eg stod åleine. Eg hadde nok begynt med hasj uansett, fordi eg var nysgjerrig. Men kjensla av å ikkje passe inn og ikkje å bli likt, den har følgt meg heile livet og eg kan kjenne på det framleis.

Er ikkje dei kjenslene vanleg for ein tenåring?

– Jau, men eg har jo ein bipolar diagnose, og då kjenner du kanskje litt sterkare på dei kjenslene. Eg såg det ikkje då, men når eg ser tilbake ser eg at avhengigheita mi byrja lenge før eg prøvde alkohol og hasj. Det var i lag med ein ny ven at eg røyka hasj første gongen. Vi hadde hengt i lag ei stund og ein kveld eg var hos han laga han ein joint og sa til meg: «Veit du det, Håvard, at ein av ti som byrjar med hasj blir narkomane? «Ja ja!» svara eg og tok jointen. Eg enda jo opp som ein, men der og då tok eg det ikkje alvorleg. Eg tenkte ikkje på det som eit stort steg å ta, erkjenner han, og legg til:

– Eg kjente ikkje noko rus av det. Det gjorde eg heller ikkje andre gongen eg prøvde. Det er litt interessant, det der. Det har følgt meg, faktisk. Eg har ofte sitte og røykt og lurt på kvifor eg gjer det. Som om eg berre ville røyke for å røyke.

Så kvifor gjorde du det?

– Fordi eg fekk nye vener. Eg knytte meg til dei eg var med. Vi blei ein gjeng. Eg følte eit sterkt samhald med dei. Vi hang i lag veldig mykje. Å røyke blei ein vane veldig fort. Og eg knytte det til identiteten min.

Kor lang tid tok det før du byrja å røyke åleine?

– Det tok lang tid. Vi snakka om det. At det ikkje var greitt å gjere det åleine. Då var du narkis, liksom. Eg heldt på med hasjbruken i rundt tre år utan problem. Det gjekk heilt fint. Eg gjorde det heilt greitt på skulen. Men eg fekk aldri noko opplæring i korleis eg skulle bruke hasj. Nokre år seinare sat eg gjerne og røyka ein joint etter den andre, sammenhengande, med opptil eit gram i kvar. Og etter kvart som hasjen blei meir og meir potent, gjorde den meir skade på meg.

Depressiv, manisk, depressiv

Hasjbruken var dagleg og følgde han alle stadene han drog. På kollektiv i Vassenden der han studerte teikning, form og farge. På folkehøgskule i Trondheim der han gjekk på musikklinje. Det var intense tider. Etter at han hadde fullført året i Trondheim sette kjærleikssorg i gang hans første alvorlege depresjon.

– Midt opp i brotet med kjærasten hadde eg landa ein jobb på Ikea i Trondheim. Eg stod der på opningsdagen og vaska koppar og tallerkenar. 11.000 besøkande. Heile dagen lang, med damp i ansiktet, og i full depresjon. Eg fekk ikkje med meg kva dei sa rundt meg, og eg ante ikkje kva som var gale med meg. Det var overveldande. Då eg kom heim, sovna eg i uniforma. Neste dag var det tilbake på jobb i same kleda. Eg såg nok heilt forferdeleg ut. Det tok ikkje lange tida før eg berre slutta å gå på jobb.

– På veg heim til Florø med båten hadde eg planar om å ta livet av meg. Å hoppe på sjøen på Stadt. Det var ein fin måte å ende det på, tenkte eg. Men eg møtte ein nordlending som hadde mykje pengar og han skjenka meg full. Pappa ringde og vekte meg då båten skulle legge til. I dei neste to månadane låg eg på rommet mitt. Alt eg klarte å gjere var å teikne. Eg blir kvalm når eg ser på det eg teikna den perioden. Mor mi tok meg med til legen etter at ho hadde sett ei teikning eg hadde lagt på kjøkkenbordet av ein mann med ein pistol retta mot hovudet. Eg hugsar fastlegen spurte meg. «Har du røykt hasj, Håvard?». Han gjorde det framfor mora mi. Eg kunne ikkje akkurat be ho om å forlate rommet. Det plager meg. At han ikkje gav meg ein sjanse. Eg svarte ærleg, men det resulterte i konfliktar heime. Legen gav meg antidepressive medisinar. I ettertid har eg blitt fortalt at det kan gjere vondt verre for dei med bipolar liding.

Heime isolerte han seg. Ein dag kom eit par kompisar på besøk. «Treng du ein ven, Håvard?». Dei tilbaud han amfetamin. Han hadde gitt opp og trong ikkje ein gong å tenke seg om. På eit blunk var han kurert. Trudde han.

– Eg var i den mørkaste kjellar, og plutseleg eksploderte alt lykkestoffet i hovudet mitt, fortel han og viser ein eksplosjon med hendene.

Han tok ikkje meir amfetamin den sommaren, men var høgt oppe. Uviss han sjølv, var han inne i sin første maniske periode. Då han kom til Bergen som nittenåring, låg alt til rette for at han skulle ha eit spennande og kjekt år på Danielsen. Men då hausten kom, blei han slått fullstendig ut av ein djup depresjon og måtte reise heim.

(Artikkelen held fram under faktaboksen.)

Bipolar liding (manisk depressiv)

Psykiatrisk liding der ein svinger frå depresjon (nedstemtheit) til mani (oppstemtheit).

Forsking viser at det truleg er medfødt, men alvorlige livshendingar, stress, lite søvn og rus kan være utløysande faktorar.

Symptom: Frå passivitet, tristheit, isolasjon og manglande vitalitet, til hyperaktivitet, kreativitet, ekstrem sosial åtferd, mangel på kritisk evne, irritasjon, overdriven bruk av pengar, utagerande seksuell åtferd, vrangførestillingar og ukontrollert bruk av rusmidlar.

Delast inn i to typer og fleire underkategorier. Type 1 er den mest alvorlege.

Tal frå USA viser at type 1 er anslått til å ramme 1 prosent av befolkninga, 0.5-1 prosent for type 2, og 2-5 prosent for underkategoriane.

Personer med type 1 har 20 til 30 gonger større sjanse for å ta sitt eige liv.

Rundt 20% av personar med bipolar liding har også problem med rusavhengigheit.

Rusmisbruk er spesielt utbreidd blant personar med psykose-lidingar.

Definisjonen av galskap

Eit harmfullt mønster var på veg til å bli etablert. På våren starta oppturen. På sommaren hadde han mista kontroll. Og på hausten og vinteren forsvann han inn i depresjonen. Det einaste som var konstant var forbruket av hasj, og at han ukritisk putta i seg alt av stoff han kom over. Han blei paranoid og angstfull av det, men heldt likevel fram, i den tru at han hadde kontroll. I lange periodar isolerte han seg på guterommet. Han var hekta på dataspelet Starcraft, og kombinerte spelinga med amfetamin og hasjbruk. Han kunne sitte vaken i mange døgn i strekk. Når manien kom var den intens, og den leia han rett inn i psykose.

Dei neste åra er kaotiske i Håvards hovud. Han hugsar ikkje heilt kva som skjedde, kva som er verkeleg og i kva rekkefølge det skjedde. I 2004 var han i jobb og hadde kjæraste. Han var høgt oppe. Men det varte ikkje. Kjærasten forlét han. Han fortel at han tok båten ut på Kinn. Han hadde fått det for seg at dei skulle gifte seg i kyrkja der. Då han kom dit og såg at det ikkje var nokon der, sank det likevel ikkje inn. «Korleis skal eg komme meg heim?» Han hadde med seg ei lita trefløyte. Han såg ut i horisonten og tenkte «Om eg spelar på denne kjem båten og hentar meg». Han spelte ein låt (tenk «The Good, The Bad and The Ugly») og der kom båten. Eit magisk tilfelle som fekk han til å tru han hadde guddommeleg kraft.

Vampyrane kjem

Seinare den sommaren hadde han begynt å sjå vampyrar og turte ikkje gå ut av huset. Familien tok han med på tur opp på Brandsøyåsen. Dei tenkte vel at det kunne han ha godt av – å gå tur. Men rundt seg såg han vampyrar, og han blei overbevist om at han skulle ofrast til vampyrgudane på toppen av Brandsøyåsen. I panikk byrja han å springe. Rett ned åsen. Gjennom skogen. Han fall og rulla, men sprang vidare. Då Agnes og Otto kom til toppen kunne dei ikkje finne han. Dei ropte og leita og spurte alle rundt seg. Agnes gjekk heim for å sjå om han var der og for å vente ved telefonen, medan Otto køyrde rundt i timevis og såg etter sonen.

Han hadde sprunge heilt til Grov. 15 kilometer. Der stod han, i kjeledress, med caps og solbriller på, og vurderte om han skulle springe til Svelgen eller om han skulle svømme over fjorden og komme seg til Flekke, kor familien hadde ei hytte. Han ville berre vekk frå vampyrane. Tilfeldigvis kom ein ven køyrande forbi.

«Kva i svarte driv du med», ropte han.

– Han fekk meg inn i bilen, og køyrde meg tilbake. Eg fekk panikk. Midt inne Sunndafjelltunnelen opna eg døra, såg på han og sa: «Ha det» og forsøkte å kaste meg ut. I vel 80 km i timen. Heldigvis klarte han å ta tak i meg.

Det var den fjerde sommaren Håvard blei innlagt, men denne gongen hadde han psykose og fekk plass på psykoseposten på Eira i Førde.

– Håvard vart alltid manisk og psykotisk på høgsommaren i ferietida. Då var det ofte ferievikarar på psykiatrien i Førde. Dette skjedde tre år på rad, før han fekk plass på psykoseposten. Eg hugsar godt eit år vi besøkte han. Då hadde dei gjeve han medisinar som dei gav til alkoholikarar på 1930-talet. Han såg ut som ein 90-åring. Det var så vidt han kunne gå, fortel Otto.

Eg var kunstnaren og musikaren med ein joint i handa og sa ja til «alt». Eg såg opp til Jim Morrison og ville vere som han.

Håvard Alisøy Søvig

Redninga på Eira

Psykoseposten på Eira var i eit heilt vanleg hus og det hadde ikkje noko institusjonspreg. Der likte han seg godt, sjølv om han innrømmer at han juksa med urinprøvene og rusa seg i helgene når han fekk reise heim. Nokre år etter vart den lagt ned, og det vart oppretta ein ny post på sentralsjukehuset. Den skal no flyttast til Bergen.

– Det var på Eira eg vart redda. Det var der eg endeleg fekk diagnosen bipolar. Etter det blei eg meir stabil. Men eg heldt fram med å ruse meg. Eg hadde ikkje noko ønske om å slutte og trudde eg hadde kontroll. Det gjorde til at eg blei ein kasteball mellom psykiatrisk og rusbehandling. Mykje av grunnen til at eg ville fortsette med hasj trur eg handla om identitet. Eg var kunstnaren og musikaren med ein joint i handa og sa ja til «alt». Eg såg opp til Jim Morrison og ville vere som han.

Sjølv om han stabiliserte seg etter opphaldet på Eira, så var det framleis vanskeleg å vere Håvard. Han budde heime, var fortvila og skamma seg for situasjonen. Det var framleis mange ting å flykte frå. Utanfor såg han venene sine komme seg vidare i livet, fullføre utdanning, kjøpe bilar, flytte inn i leilegheiter og hus og fylle dei opp med draumar og ambisjonar. Det kjennest kanskje ikkje slik der og då, men han hadde framleis god tid. Tid til å vente på betre tider.

Jula 2007 / Sommeren 2017. På bildet til venstre var Håvard inne i ein depresjon, og beskriv seg sjølv som stille sint. Bildet til høgre er tatt dagen han var eit år rusfri.

Jula 2007 / Sommeren 2017. På bildet til venstre var Håvard inne i ein depresjon, og beskriv seg sjølv som stille sint. Bildet til høgre er tatt dagen han var eit år rusfri. Foto:

Flukta i diagnosen

– Eg brukte nok diagnosen som ei unnskyldning. Eg var sjuk og lidande, derfor hadde eg lov til å ruse meg. Då våren kom slutta eg å ta medisinane. Kvifor veit eg ikkje, men eg trur faktisk eg ville ha manien. Den var så fantastisk. Ikkje eingong den beste kokainen kan måle seg med manien. Men den sende meg til slutt inn i ein spektakulær psykose.

Heime hos nokre vener tok han ei lang linje med amfetamin og sovna momentant. Då han vakna var han i psykose. Han kjente på ein guddommeleg elektrisitet. Han var sterk nok til å flytte fjell. Han kunne sjå auraen og kjenne på energien til folk. Han blei ekstremt pratsam. Rett og slett klin psykotisk.

– Men så smell det. Plutseleg blir dimensjonen av rommet annleis. Det blir uendeleg langt. Å trekke pusten er som å leve eit heilt liv. Når eg pustar ut ser eg vampyrtenner komme ut på dei rundt meg, og når eg pustar inn forsvinn dei. Kvar einaste tanke eg har manifesterer seg i kroppen. Og tankane er svært skadelege og dei kjem med ein stor fart og tyngde. Eg tenkjer at hovudet mitt blir kappa av og kan kjenne den fysiske kjensla av at det skjer. Eg spring ut på gata og plutseleg er eg på vegen, midt på mørke natta, framfor huset til foreldra mine og eg skrik som om eg har ein demon inne i meg. Eg kjenner på ei kraft og peiker på eit vindauge og lyset kjem på. Eit magisk tilfelle. Eg får det for meg at eg kan fly og at eg skal vere med ein sex-orgie og begynner å ta av meg kleda og gå mot byen. «Kutt ut Håvard, tenk om purken kjem», seier kompisen fortvila og drar meg med inn igjen.

Kald og full av angst legger han seg på sofaen og trekkjer teppet over seg. Når han dreg teppet oppover mister han kjensla i kroppen i takt med bevegelsen av teppet. Han dreg det opp til hovudet og det kjennest ut som om hovudet svever i lause lufta. Der ligg han. Med ei lampe bak hovudet. Som ein glorie.

– Eg har alltid hatt eit messiaskompleks. Det var etter den kvelden eg forstod at eg måtte ta medisinen min. Eg slutta aldri med den igjen.

Maraton på amfetamin

Etter opphaldet på Eira var han med i prosjektet Aktiv på dagtid. I lag med ei gruppe på ti andre trena han kvar dag i fleire månader. Han trena ekstremt mykje og variert. På eit tidspunkt fekk han målt oksygenopptaket og det visste seg å vere på nivå med fotballspelarar på elitenivå. Han blei trekt fram som eit eksempel på at ein kan bli frisk med trening, og Dagsrevyen lagde eit 18 minutts innslag om han og prosjektet då dei var og sprang Holmenkollstafetten. Intervjuet gjekk veldig bra, men det dei ikkje visste var at Håvard rusa seg framleis, og var i ein manisk periode.

– Det var eit godt opplegg. Ikkje noko tvil om det. Men eg trong meir. Eg treng å bli behandla for avhengigheitslidinga mi. Eg hugsar eg stakk ned til sentrum i Oslo og kjøpte hasj, og sat og røykte ut vindauget på toppidrettssenteret der.

Dei skulle springe halvmaraton på arrangementet Beitostølen Fjellmaraton. Tre dagar før tok han amfetamin. Og då han stilte på streken var han framleis høgt oppe og hadde ikkje sove på tre døgn. 1 time og 52 minutt var tida han sprang inn på.

Tysting, paranoia og automatvåpen

Opp gjennom åra hadde Håvard fleire møter med politiet. Ein vanleg måndags morgon, då han låg og sov heime hos foreldra, ringde dei han uventa. Dei stod utanfor og ville at han skulle komme ned og bli med til avhøyr.

– Eg ante fred og inga fare, men eg var ute å køyre med rus på den tida. Eg var nok eit lett bytte for dei. Dei byrja å grille meg, og ville ha meg til å gi opp namn. Eg ville ikkje seie noko, men dei trua med å gjennomføre razzia heime hos foreldra mine. Til slutt gav eg dei eit namn. Eg ville jo ikkje tyste, og få juling. Men eg ville heller ta støyten enn å la dei gjennomføre razzia heime. Det var først då eg kom heim at det byrja å gå opp for meg. Eg vart veldig stressa og rusa meg på alt eg hadde. Eg blei så paranoid at eg stakk frå byen, og drog til Røyken, kor eg hadde nokre vener. På togstasjonen såg eg ein veldig sliten kar og snakka med han. Han verka grei og eg blei etter kvart med han. Det viste seg at han var med i ein gjeng og han viste stolt fram fleire automatvåpen heime. Då vi gjekk igjennom byen spurte han meg plutseleg om vi skulle slå ned og rane nokon. Som om det ikkje var noko stor greie. «Nei, vi ventar med det», sa eg, og skjønte at eg hadde rota meg borti noko eg burde komme meg vekk frå.

– Vi stod på gata og det kom ein mørk, svart bil opp til oss. Han gjekk inn i den og den køyrde av garde. Fem minutt etterpå var han tilbake med stoff. Han tok det med sprøyte. Eg sniffa det. Eg trudde det var MDMA, men det var visstnok ein cocktail av mykje forskjellige. Det eskalerte veldig raskt. Eg sat vaken i tre døgn og kunne kjenne maur som kravla i huda mi og folk som kraup i veggane. Det var ei helvetesveke. Eg kan rett og slett ikkje beskrive kor jævlig det var. Eg ringde heim og pappa køyrde heilt ned dit for å hente meg og hjelpe å vaske ned leilegheita, fortel han, og legg til:

– Han eg tysta på kom bort til meg ein gong og sa at eg kunne slappe av. Han skulle ikkje gjere meg noko. Han skjønte at eg sleit med det – men eg angrar på det og ville ikkje gjort det same igjen. Politiet gjer jo berre jobben sin. Men eg trong hjelp, og det var ikkje bra for meg å bli så skremt og paranoid i den tilstanden eg var i.

Han fortel at miljøet blant rusmisbrukarane i Florø ikkje er gale, tatt i betraktning. Det er ikkje spesielt brutalt, og folk støttar som regel kvarandre. Han blei ikkje tilgjeve, men likevel var det ein viktig beskjed for han å få, og vite at han var trygg.

Makteslaus

– Vi var kanskje naive som ikkje såg kva som var på gang før det var for seint, spekulerer Agnes, mor til Håvard.

– Han hadde prøvd å henge seg med ein kabel i Trondheim, og vi fekk han heim med Hurtigruta med det same. Det var ikkje noko livsglede i han. Auga og munnen hang ned. Han var ein skugge av seg sjølv og sa knapt eit ord. Vi visste ikkje anna råd enn å ta han med til legen. Der fekk han medisina mot depresjon, men ikkje noko meir enn det.

Ho fortel om ein heilt anna Håvard som kom heim frå Kildevangen. Men ho tok seg sjølv i å leite etter teikn til at han ikkje var rusfri. Ho såg på neglene hans, på kleda. Ho klarte ikkje sleppe tanken på at det kunne skje igjen.

Er det ikkje for tidleg, sa du til meg når eg sa eg ville skrive om Håvard. Ser du etter teikn framleis?

– Eg høyrer jo om folk som sprekk etter to og tre år, men eg slappar av meir no enn eg nokon gong har gjort i løpet av dei siste femten åra.

Etter at Håvard kom heim senka Agnes etter kvart skuldrene. Ho senka dei så lågt at andre ting fekk sleppe til. Ho hadde vore anspent, uroa og bekymra så lenge at når ho endeleg kunne slappe av fekk ho migrene, blei ømfintleg for lys og lyd.

Eg tok meg sjølv i å leite etter teikn til at han ikkje var rusfri

Agnes Alisøy

– Det kjennest ut som om eg hadde ein stram strikk rundt hovudet. Legen skjønte ikkje heilt kva det var, og etter mykje om og men blei eg vidaresendt til nevrolog. Der fekk eg diagnosen post traumatisk stressliding. Det går bra no, men eg blir veldig fort sliten. Eg prøvde å jobbe ei stund, men det blei rett og slett for mykje.

– Eg hugsa så godt den første gongen han vart innlagt. Det var heilt forferdeleg. Eg pakka ein bag med litt forskjellige ting eg tenkte han trengde. Treningskle, toalettsaker og slikt. Då vi kom fram, pakka ein sjukepleier opp alt og sjekka det omhyggeleg. Eg følte meg makteslaus. «Det er jo eg som har pakka det.» Dei måtte berre sjekke at det ikkje var noko der han kunne skade seg med. Korleis hadde det blitt slik? Eg gløymer aldri den turen heim igjen frå Førde. Det kjendest som om vi køyrde rundt jorda. Det var den verste dagen i mitt liv.

Då Håvard kom heim igjen, starta livet på nytt, men det skulle blir mange slike «nystartar» i åra framover. Kvar sommar fekk sonen seg ein tur på psykiatrisk. Agnes og Otto reiste ikkje på ferie. Deira ferie var når sonen var innlagt. Då kunne dei endeleg slappe av og vite at han var trygg. Og då kjente dei kor ufatteleg slitne dei var.

Lite hjelp å få

– Vi visste ikkje kva vi skulle gjere. Vi prøvde alt vi kunne komme på. Det verste var når han var manisk. Det var forferdeleg slitsamt. Det saug energien ut av meg. Dei lange depressive episodane og psykosane var vonde. Vi følte oss hjelpelause. Han blei dårlegare og dårlegare. Det var først når han kom på Eira og blei følgt opp av OP-teamet at vi følte at vi fekk hjelp. Etter ein sommar der hadde legen sett oppturane og nedturane, og han kunne sette diagnosen og gi han riktig medisin. Eg følte at dei tok oss under vengene. Dessverre blei posten lagt ned. Når det gjeld diagnosen så var det jo trist å få høyre. Likevel var det ei letting, og vi tenkte at no kunne ting bli betre. OP-teamet følgde Håvard med argusauge i to-tre år. Elles føler eg at den hjelpa vi har fått eigentleg ikkje har vore noko hjelp. For to år sida prøvde Håvard å ta overdose på tablettar. Han blei sendt med helikopter til Haukeland og låg i koma i to dagar. Då han kom tilbake til psykiatisk i Førde, ville dei berre sende han heim. Vi er ikkje helsepersonell. Det var først då vi trua med å gå til pressa at dei gav etter og lét han bli ei veke. Det var ei krise i livet vårt, men vi fekk ikkje krisehjelp.

Når Agnes fortel om desse to som tok ansvar og fekk han til Kildevangen, bryt ho ut i gråt.

– Då han kom heim, frisk, fin og rask, senka eg skuldrene så langt at eg kjente kor mykje energi eg hadde brukt dei siste femten åra. Det viser at ein aldri skal gi opp. Folk rådde meg til å stenge han ute. Men eg greidde det ikkje. Det kunne eg rett og slett ikkje.

Desse to som fekk han til behandling...

Agnes Alisøy

Håvard seier sjølv at det kanskje ville vore det beste, men han innrømmer at om nokon hadde sett ned foten så hadde han nok gjort opprør. Han ville bli frisk frå depresjon, frå psykosar og angst, men han ville likevel ruse seg.

– Eg manipulerte dei. Eg sa eg ikkje kunne klare meg på gata, med min diagnose.

Anonyme Narkomane er utvikla med utgangspunkt i 12-trinnsprogrammet til Anonyme Alkoholikere og «Storboka». Den er aldri langt unna.

Anonyme Narkomane er utvikla med utgangspunkt i 12-trinnsprogrammet til Anonyme Alkoholikere og «Storboka». Den er aldri langt unna. Foto:

Behandling og 12-trinnsprogrammet

– Du blir jo fort litt bitter på systemet når du slit med rus og vil ha hjelp til å finne bustad, så vil dei plassere deg i søsterbustadene der det bor andre rusmisbrukarar, det er lett å skaffe tyngre stoff og det ofte er innbrot. Eg fekk ikkje lov til det av foreldra mine. «Du skal faen ikkje bu der», hermer han.

– Kjensla av å ikkje bli tatt seriøst har vore der. Eg har oppleve at enkelte ikkje har sett alvoret i lidinga. Dei tenker kanskje at det er noko som hender oss alle i løpet av livet, men med lidingar som bipolar liding og schizophreni er det viktig å forstå at botnen og toppen er veldig intense, og angst, paranoia og sjølvmordstankar kan vere svært sterke.

– NAV har blitt meir villige etter at eg blei rusfri. Før sat eg ofte med følelsen av at dei ikkje ville hjelpe meg. Du må verkeleg kjempe med systemet, og det er ikkje like lett når du har ein psykisk liding eller ein rusavhengigheit. Det er fort gjort å gi opp. Eg møter framleis motvilje i systemet, og personkontakten med NAV har eg ofte opplevd som avvisande. Men mest av alt er eg takknemleg. Den offentlege rehabiliteringa eg har vore på er ikkje noko behandling. Der får du mat, du går turar og du får kontakt med andre rusmisbrukarar, men du blir isolert, og du får inga hjelp eller verktøy til å takle rusproblema. Kanskje er ein der i to månader før ein blir skriven ut. Men kva då? Det finst ikkje noko ettervern. Då ender du opp i det same miljøet, med dei same problema, og så er det på an igjen.

Håvard er overtydd om at 12-trinnsprogrammet har gjort ein stor forskjell i livet hans. Deter eit fellesskap for menneske med rusavhengigheit. Gratis, og utan tilknyting til politisk eller religiøse grupper. Dei har ingen krav til medlemmane, anna enn eit ønske om å slutte å bruke rusmiddel. Metoden dei brukar er basert på den amerikanske organisasjonen Anonyme Alkoholikarar. Kvart nytt medlem får ein sponsor, og dei går gjennom eit 12-trinns program. Desse trinna består blant anna i å gjere opp for seg der, og å arbeide med andre rusavhengige som ønsker hjelp. I Norge er det 130 møter kvar veke. Håvard er på niande trinn no. Det er trinnet kor ein skal gjere opp for seg for den harmen ein har påført andre.

– Det er det trinnet eg må jobbe mest med. Eg både gler meg og gruer meg til kvar samtale. Eg gruer meg fordi det er vanskeleg, men mest av alt gler eg meg fordi det er ein slik lettelse å gjere opp og komme seg vidare.

Etter ein samtale med sponsor fekk han tilbake dette.

Etter ein samtale med sponsor fekk han tilbake dette. Foto:

Rusfri

Håvard har vore rusfri før, men han har alltid hatt tilbakefall og beskriv dei tidlegare rusfrie periodane som å gå på kvite knokar. Å anstrenge seg voldsamt for å halde seg unna, og alltid ha ein tanke bak i hovudet at om han berre får skikk på ting, så kan han ruse seg og ha kontroll. No er det annleis. Han kjenner framleis på at dei rundt han er skeptiske. Det har han forståing for. Men han merker at tilliten gradvis veks. Gamle relasjonar er på veg tilbake, og nye positive relasjonar blir til.

– Det er gjerne når ein seier at ein har klart det, at ein sprekk. Ein svever på ei rosa sky i starten. Men vegen tilbake er veldig kort. Som dei seier i på tolvtrinnsmøta: Ein er ikkje nok, og heller ikkje tusen vil vere nok. Det vere seg eit glas øl, ein joint, ein pille eller ei linje. Eg nådde botnen så hardt at for meg er det eit avslutta kapittel. No kjenner eg på ei form for takknemlegheit eg ikkje har kjent før. Eg har ei seng å sove i, eg har bein å gå på, eg kan snakke og eg kan føle. Eg er takksam for alle dei tinga eg før har tatt for gitt. 

Avhengigheita ser han på som ei liding. Ein sjukdom. Han kjenner så klart på bitterheit for nokre ting. For feilbehandling. For den tapte tida. Men det er ingen sin feil. Han går på møter, mediterer, ber og seier takknemlegheitsbøn. Takknemlegheit, seier han, er ikkje noko du kjenner på i aktiv rus. Då flyktar ein frå angst, bitterheit, fortviling, einsemd og skam. Ein flyktar frå kjenslene, rett og slett.

Håvard i vanleg positur. Galskap boblar under overflata, men kjem bare ut med eit glimt i auget.

Håvard i vanleg positur. Galskap boblar under overflata, men kjem bare ut med eit glimt i auget. Foto:

– Flaks eg lever

– No tenkjer eg at om andre skulle gjere meg vondt, såre meg, så kan eg ikkje endre deira oppførsel. Eg kan berre endre meg sjølv og gjere mitt beste. Alt anna er opp til ei høgare makt. Ei kraft som er større enn meg sjølv. Eg er ikkje religiøs, så kva den krafta er veit eg ikkje. Eg tenkjer det er den gode krafta i meg og i andre. Den krafta som har vaka over meg når det har stått på som verst. 

Kvifor er du i live i dag?

– Flaks. Og ein god familie. Eg har prøvd alt. Det nærmaste eg har komme eit svar er tolvtrinnsprogrammet. Kontakten med andre rusavhengige har gjort til at eg ikkje lengre føler meg åleine. Eg har ein plass å gå til. Resten av livet. Uansett kor i verda eg måtte befinne meg, poengterer han.  

– Om eg får tankar om å ruse meg, spolar eg 39 millionar sekund tilbake, seier han og viser appen «How long since when» på telefonen som teller tida han har vore rusfri.

– Og så spelar eg filmen heilt ut. Om eg hadde gått inn i den psykosen, trur eg den hadde blitt permanent.

– Kvifor ønsker du å dele historia di?

– Eg håper at eg kan hjelpe andre, og tykkjer det er viktig at folk kan snakke om slike tema.

Han drøymer om å bli barne- og ungdomsarbeidar og tenker at han ein dag sjølv skal vere sponsor for ein som treng det. For no byrjar eit nytt kapittel i Håvards liv. Han har kjøpt eigen leilegheit, over gata frå barndomsheimen. Han har sine eigne prosjekt, han trenar, spelar musikk, teiknar og skriv. Han har ei fast inntekt. Eit veksande nettverk. Og ikkje minst; han blitt ven med seg sjølv og treng ikkje lenger å flykte.

At denne dagen er her. I ei leilegheit som er hans. I eit rom som er hans. Ein dag blant 452 dagar. I tilhøyrsle med omverda, med familien. Med ansvar og sjølvrespekt. Det å ikkje vere redusert til eit dårleg rykte. Det finst ikkje større glede enn det. Ingenting større enn å vere god nok.

(Artikkelen held fram under bildet)

Første dagen i ny leilegheit.

Første dagen i ny leilegheit. Foto:

Få rusmisbrukarar lukkast på første forsøk

Sterk eigenvilje, ein god heiagjeng – og tolmod om første forsøk skulle feile. Det kjenneteiknar dei rusmisbrukarane som til slutt klarar å bli rusfrie.

– Vi ser eit mønster hjå dei som klarar å kome seg ut av eit liv der rusen har teke overhand. I tillegg til momenta over, er det også slik at religion spelar ei viktig rolle for mange. Eller andre sterke opplevingar i livet, som det å få barn – eller å møte kjærleiken, seier Anne Merete Ødven.

Mange må tole ein sprekk

Anne Merete Ødven

Ho er leiar for den kommunale tiltakstenesta for rus og psykiatri, som i si noverande form såg dagens lys i 2013, etter at det såkalle Fyrtårnet-tilbodet blei lagt ned. Ødven trekkjer fram ei anna viktig gruppe som har hjulpe fleire:

Støtte frå arbeidsgjevar

– Lokale bedriftsleiarar har vore viktige medspelarar i fleire saker, der dei har sett potensialet i den tilsette som har hamna i vanskar, og blitt ein støttespelar i staden for å late att døra for vedkomande, fortel ho.

Samlast til frukost: Kvar dag frå måndag til fredag samlast rusmisbrukarar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til fellesfrukost hos Anne Merete Ødven  og den kommunale tiltakstenesta. – Frukosttilbodet er eit av fleire bidrag til å betre helsa og livskvaliteten for rusmisbrukarar, fortel ho.

Samlast til frukost: Kvar dag frå måndag til fredag samlast rusmisbrukarar som mottek legemiddelassistert rehabilitering (LAR) til fellesfrukost hos Anne Merete Ødven og den kommunale tiltakstenesta. – Frukosttilbodet er eit av fleire bidrag til å betre helsa og livskvaliteten for rusmisbrukarar, fortel ho. Foto:

Tiltakstenesta består av 17 personar fordelt på 14 årsverk, der vernepleiarar og sjukepleiarar, gjerne med spesialutdanning, utgjer hovudgruppa.

– Eg har ein fantastisk gjeng med meg som står på for hjelpe, og eg vil rose det tette samarbeidet med fastlegane og Nav. Gevinsten av å sitte samlokalisert er stor, strekar ho under.

– Korleis kjem brukarane vanlegvis i kontakt med dykk?

– Ofte er det ein lege som tek kontakt. Det kan og vere Nav, eller nokre av dei pårørande. Det er sjeldnare at den som har eit rusproblem sjølv tek førstekontakten, seier Ødven.

Held fasaden ei tid

Når tiltakstenesta startar arbeidet med å hjelpe, har rusmisbruket ofte utvikla seg over tid.

– Mange klarar å leve eit tilnærma normalt liv som rusmisbrukar ei tid. Vi ser eit mønster i at dei som ber om hjelp, og som også klarar å kome ut av det, har passert 40 år. Då byrjar ofte slitasjen å melde seg. Ei av våre viktige oppgåver er å bidra til auka livskvalitet hjå misbrukarane, anten dei blir rusfrie eller ikkje, fortel ho.

Talet på brukarar som mottek legemiddelassisert rehabilitering (LAR) i Flora ligg stabilt på rundt ti personar. Tiltakstenesta planlegg no ei endring i arbeidet sitt, mot meir førebygging og meir fokus inn mot ungdomsmiljøa i kommunen.

12 trinn mot eit rusfritt liv

Både Anonyme Alkoholikarar og Anonyme Narkomane har lokale tilbod i Florø.

– Vi held dørene opne for dei som treng hjelp, med vekentlege møter for deltakarar i 12-trinnsprogram, samt eit ope møte for alle ein gong i månaden. Og vi har opplevd ein auke i talet på personar som kontaktar oss dei siste åra.

Det seier eit fleireårig medlem av NA til Firdaposten.

– Vi er ein garantist for anonymitet, og vi tilbyr også ein mentor/fadderordning for dei som ønskjer det vidare i sin prosess mot målet, seier florømannen.

På NA-møta er det lov å kome sjølv om du er rusa.

– I dei tilfella er det kanskje betre at vedkomande lyttar, og ikkje i like stor grad deler. Men vi stengjer ikkje døra for nokon, seier vedkomande.

I snitt er det rundt ti personar som deltek på NA-møta vekentleg, og målet med å delta er eit heilt rustfritt liv i framtida.

– For dei som ønskjer å kontakte oss for å få informasjon eller hjelp til å bli rusfri, så finn ein kontaktinformasjon om NA lokalt ved å søkje på nettet, seier NA-deltakaren.

Artikkeltags