Avveging og utstrekt fri, kallar sivilarkitekt og planleggar Kjell Åge Udberg, fasen han er inne i. I 18 år har førdianaren stilt krav og påverka byutviklinga i Florø som sentral planleggar og kommunal reguleringsarkitekt med fingrane sine på mange av dei store planane som Kinnvegen, Byporten og oppgraderinga av Amfi som nokre av dei siste store. Eller ein annan litt meir usynleg jobb: Saman med Irene Hollevik har Udberg bygt opp ein av landets beste kommunale digitale planbasar.
– Eg har litt kaos på arbeidspulten. Då er det bra å ha ryddige planar i pc-en, seier han.
Helsa er bra og heilt arbeidslaus har han ikkje tenkt å verte. Arkitekten har starta einmannsfirma og tilbyr tenestene sine til dei som treng hjelp til å teikne eit hus eller lage ein reguleringsplan.
Udberg veit meir om å reise med buss enn dei fleste. Han har heile tida som tilsette i Flora kommune budd sog pendla frå barndomsheimen i Førde.
– Du har med andre ord sett på Florø frå eit Førde-perspektiv?
– Eg vil heller seie at eg ser på Florø frå synsvinkelen til ein profesjonell planleggar, sjølv om eg ein gong vart skulda for å vere send frå Førde til Florø for å øydelegge. Eg har alltid jobba for å ta vare på byen. Det har eg aldri lagt skjul på. Og Florø har greidd å halde på litt av identiteten sin, til ein viss forskjell frå Førde.
Heilt sidan barndommen har Udberg hatt eit sterkt forhold til kystbyen.
– Som gut hadde eg ei tante i Florø. Her hadde vi barndommens feriar. Florø var byen for oss. Førde var bondeland då eg voks opp der på femtitalet, fortel snartpensjonisten.
Udberg er utdanna sivilarkitekt frå arkitekthøgskulen i Trondheim. Starta yrkesgjerninga som planleggar i Jølster og seinare i Førde. Men fekk den viktigaste opplæringa i det store og rike fagmiljøet på byplankontoret til Bergen kommune.
– Godt å ha med seg når vi gjekk i gang på store pilotprosjekt i Florø som planlegginga av rådhusplassen og Hjørnvikbua. To store og viktige prosjekt som eg vil seie skapte eit godt utgangspunkt for å ta på byen. Her fekk vi god professorhjelp frå Karl Otto Ellefsen som seinare vart rektor ved arkitekthøgskulen i Oslo. Ole Molnes, (bygnings- og reguleringssjef) hadde dei gode kontaktane.
– Men knirkefritt var det ikkje i denne perioden. Du var blanda inn i striden om det rosa huset til Fredheimfamilien i Ytre Strandgata?
– Vi vart då einige til slutt. Eg syns at vi kom bra ut av det. Kommunen kjøpte målinga og Fredheim tok ansvar for målarjobben. Fargen vart fin den til slutt. Og seinare har Aslaug Fredheim bidrege veldig positivt til å halde liv Strandgata saman med andre iherdige personar.
– Kva med resten av Florøidentiteten?
– Her må kunne puttast nokre nye bygningar inn mellom dei gamle. Men når her blir færre gamle hus vert det endå viktigare enn før å ta vare på dei som står att. Problem som Trovikvartalet og Hellesenbua vert endå lettare å sjå, når alt rundt er på stell. Vi har vi nokre skuleeksempel på gode løysingar som Hjørnevikhuset med hagen.
Ein del hus har stått til forfalls. Nokre prosjekt har kosta masse tid og energi på grunn av at dei er verna. Men det er ikkje kommunen si oppgåve å vise omsorg for dei som har kjøpt opp hus som ligg inne i kommunale planar som verneverdige, med det som mål å gjere noko heilt anna enn å ta vare på dei. På den andre sida er det synd at den offentlege støtta til private som har slike eigedommar er så marginal.
Florø har vore mykje flinkare enn Førde til å ta vare på dei offentlege møteplassane
Kjell Åge Udberg
– Er Florøfolk er så høgrøysta og brautete som folk i innfylket trur?
– Folk i Flora er i alle fall veldig omgjengeleg og lette å komme i kontakt med. Eg syns det har gått greitt å skilje sak og person. Då kan du møte usaklege angrep. Eg har hatt ansvaret for planlegginga av heile Kinnvegen utan å ha fått kjeft.
– Leitt at det ikkje vert nokon samanslåing av Flora og Førde?
– Eg støttar ikkje kommunereforma. Ingen spurde om meininga mi heller den i spørjeundersøkinga som gjekk i Førde.
– Korleis ser du på utviklinga i Førde når dei no får 1.5 milliardar til å ruste opp vegar og sykkelstiar med, prosjekt som også vi i Florø må vere med og finansiere med bompengar?
– Også folk i Førde reagerer mot bompengane. Millionane i Førdepakken ser berre ut til å gå til endå meir asfalt på vegar og sykkelstiar. Det synest framleis like udefinert kvar folket skal gå og møtast ute.
Dette står i stor kontrast til Strandgata i Florø der heile gata er ein langstrakt møteplass. Slik sett har Florø langt større bypreg. Eg saknar grep i planane til Førde for eit meir urbant og kompakt sentrum. Førde har totalt oversett offentlege møteplassar i uteområda, medan vi har flust av private inne i handelssentera.