Då Dan Solberg flytta heim til Florø, såg han fort at det berre fanst ei løysing for dei volleyball-frelste ungane sine: Han måtte trø til sjølv.

Han flytta heim i 2015. Sidan har det vore eit lite eventyr. På to år har den vesle, lokale volleyballflokken i Florø vokse til nærare to hundre. Sist helga hadde den oppattvakna volleyballgruppa til Florø Turn & IF sin store dag som arrangør for ein eliteseriekamp i volleyball med naboen Førde Volleyball i hovudrolla. Om starten seier Solberg:

- Vi såg at var eit behov her. Samstundes viste det seg fort at mange mødrer og fedrar til dei ungane som melde si interesse, var med og spelte volleyball sist sporten var stor i Florø. Derfor har det vore enkelt å rekruttere trenarar og andre støttespelarar frå foreldregruppa. Om andre seier at det er vanskeleg å få folk med på dugnader, vil eg påstå det motsette. For vår del har det vore veldig enkelt. Dette hadde eg aldri greidd å få til åleine. Folk i Florø sluttar endå betre opp om aktivitetane til ungane sine enn dei gjorde på Karmøy, seier Solberg om erfaringane han har gjort i heimbyen etter heimkomsten.

Eg skulle ønske at det offentlege var flinkare til å sjå det store bildet. Når vi har barn som trivest i eit idrettsmiljø er det mindre sjansar for at dei fell utanfor.

 

Dan Solberg er ein kar som likar å snakke, og han snakkar lett. Så har han også vakse opp i ein av dei mest tradisjonsrike forretningsfamiliane i Florø, meir presist i elektrikarverkstaden og butikken til bestefaren Sigurd Solberg i Strandgata. Rett frå barneskulen gjekk han alltid ein omveg heim frå skulen innom parfymeriet til mora, Ida Louise, av alle i Florø kalla «Vesla».

– Eg plar seie at eg har vokse opp i eit hav av leidningar. Eg har alltid vore ein ekstrovert fyr. Eg har lært veldig mykje av familien min. Eg har og jobba mykje med å motivere og engasjere i dei jobbane eg har hatt. Alt dette har og vore greitt å ha med når vi no starta opp att med volleyball i Florø, seier Solberg.

Han er utdanna HMS-ingeniør. I Kopervik jobba Dan for Tide-buss. I Florø er han tilsett i Firda billag, med opplæring som ansvar, i tillegg til å vere sjåfør.

Med fire søsken og det meste av storfamilien Solberg buande i Florø, og med kona Linda Westbø Hovland frå Eikefjord, var det naturleg at familien på eitt eller anna tidspunkt ville tilbake til Florø. No leiger Dan og Linda, og ungdommane, Sara (17), Sondre (15) og Sebastian (13) det romslege huset etter bestefaren, Sigurd Solberg i Stranda, rett vest for gamle Køff. Her vaknar dei til fløyteduren frå hurtigruta og kan sjå rett på alle båtar som passerer forbi til Florø. Og her har storfamilien Solberg feira alle bursdagar og store dagar så lenge Dan kan hugse. Ofte med over førti slektningar til bords. Sjølv håpar han han å kunne halde oppe tradisjonen med å bruke huset til besteforeldra som ein viktig møteplass for slekta. Båthus og privat molo er her og, men utan at familien enno sett seg høve til å skaffe seg båt.

Dei tre ungane vaks alle opp i volleyballmiljøet i Kopervik. Særleg var eldstejenta Sara (17) ein ivrig volleyballspelar.

– Eg sa til ho at det ikkje kom til å verte noko problem å flytte. Der er volleyball i Florø og, lovde eg. Eg trudde at det var slik som då eg flytta frå Florø.

Det måtte han fort bite i seg. Dan innsåg fort at han måtte gjere noko sjølv for å sikre integreringa og trivselen til eigne ungar.

– Eg sette i gang og undersøkte hos idrettskrinsen og volleyballforbundet og kontakta Florø Turn & IF. Alle stader møtte eg berre godvilje. Vi fekk all hjelp vi trong. Den store utfordringa i starten var at utan medlemmer fekk dei ikkje treningstid. Vi var for seint ute med å søke, fortel Dan.

Dei måtte likevel prøve å gjere det beste ut av det. Og eitt mål hadde Solberg klart føre seg:

– Vi skulle i alle fall stable eit damelag på beina. Eg gambla med å melde eit damelag på i serien før vi visste om vi i det heile hadde eit lag. Vi intiterte interesserte. Det møtte damer nok til tre lag og svært mange av dei som hadde vore aktive for 20 år sidan. Vi fekk disponere nokre timar til trening i Florahallen etter klokka 22.00. Og så nokre timar i gymnastikksalen på barneskulen. Dette var nok til at vi og kunne starte opp lag for 15-åringar og 17-åringar. Året etter hadde volleyballen vokse til 170 aktive og fekk tildelt halve kveldstida i Florahallen - som ein gaukunge pressa dei treningstida andre hadde hatt i hallen. Og reaksjonane kom – som eit rop etter ein ny fleirbrukshall.

Sjølv spelte aldri Dan Solberg volleyball.

- Men eg har alltid vore glad i sport. Som barn spelte eg mykje fotball, utan å vere spesielt god. Og eg var med på det meste av idrettstilbod i Florø, fortel han

Utfordringar med helsa gjorde at han tidleg måtte slutte med organisert idrett. I ein periode frå han var tolv år til han var femten, måtte han stort sett ta seg fram på krykker.

Eg må innrømme at eg gambla litt. Eg melde på eit damelag i serien før eg visste om vi i det heile tatt hadde eit lag.

 

- Det gjekk no bra det og, svarer han enkelt på spørsmålet om ikkje dette var vanskeleg for ein gut i ein så aktiv alder. Sidan han fylte 18 har han hatt utfordringar med hoftene. Først i ein alder av 42 år kan han tru på ei endelege løysing for å verte kvitt plagene.

- Eg går og ventar på hofteoperasjon. Eg får operert inn nye keramiske deler, fortel han.

– Kva får du att for å bruke så mykje tid på volleballgruppa?

– Eg får pågangsmot når eg ser gleda og sjølvtilliten barn og ungdom har av å meistre noko.

Det einaste som bremsar utviklinga for volleyballsporten i Florø no, er mangel på treningsareal og for få trenarar, meiner Solberg.

Han kunne gjerne ha tenkt seg å engasjere seg i lokalpolitikk, ikkje minst for å jobbe for betre vilkår for idretten i heimbyen.

– Eg skulle ønske at det offentlege var flinkare til å sjå det store bildet. Når vi har barn og ungdom som trivest i eit godt idrettsmiljø er det mindre sjansar for at dei skal falle utanfor.

Dan Solberg (42)

Aktuell: som arrangør av eliteseriekamp i volleyball og oppblomstring av volleyballen i Florø.

Utdanning: HMS-ingeniør.

Yrke: Sjåfør/opplæringsansvarleg i Firda Billag.

Sivilstand: Gift med Linda Westbø Hovland, barn: Sara (17), Sondre (15) og Sebastian (13).

 Sjølv flytta han frå ein by som var veldig flink til å støtte idrett. Til forskjell frå Florø får idretten i Koparvik bruke idrettshallane utan å måtte betale leige. I tillegg får dei store summar til drifta.

Men no har Dan Solberg i det minste stor tru på at hallsitusjonen i Florø snart vert betre, mellom anna som ein konsekvens av Florø fotball si eventyrlege klatring til OBOS-ligaen.Dette har ført til at florapolitikarane har gått langt i love å bygge ny fotballhall i full storleik og det rimeleg fort. Då ligg det i korta at andre idrettar som volleyball kan få overta plass i dagens halve fotballhall i idrettssenteret. Snart er og ei ny utandørs sandvolleyballbane klar til å takast i bruk ved Flora vidaregåande skule. I tillegg er handballen komne langt med to litt større sandhandballbaner på Furheim, som og kan nyttast til volleyball.

Om her skulle finnast nokon som trur at volleyball er ein latmannsport, er Dan klar med svaret:

- Det er ein idrett som krev veldig mykje av dei som meistrar den. Ballen er heile tida i rørsle. Her er høge hopp og hurtige rørsler, god teknikk og godt samarbeid er viktig. Volleyball var lenge verdas største idrett. (Berre fotball er i dag større, red. mrkn.) I Norge er sporten på frammarsj. Ikkje minst har sterke prestasjonar i OL og VM i sandvolleyball vore god reklame, og meir lokalt har Førde og Tambarskjelvar i fleire tiår halde seg i norgestoppen. Og no kjem Florø med stor breidde.