Flora har mista 57 politi-årsverk

Foto:

Ferske tal frå Statistisk sentralbyrå viser at Flora og Drammen er dei to kommunane som har tapt mest på politireformen. Drammen har mista 69 politiårsverk, mens Flora har mista 57.

DEL

Tal frå Statistisk sentralbyrå, publisert i Dagbladet, viser at Flora kommune saman med Drammen er dei største taparane i politireforma når det gjeld politiressursar.

I 2016 var det 75 politiårsverk i Flora kommune, i 2017 gjekk talet ned til 43, og i 2018 var det berre 18 årsverk att. På tre år har kommunen mista 57 politiårsverk.

Mellom anna vart operasjonssentralen flytta til Bergen, og hovudsetet for politiet i fylket vart flytta til Førde.

I følge SSB-tala har Bremanger i same periode auka med eitt årsverk, til fire totalt. Men per i dag står to stillingar der ledige.  

Vågsøy har også auka med eitt årsverk, frå ni til ti, mens Førde har auka med sju, til 27. Dette er altså 2018-tal.

Samstundes er det Oslo (+273) og Tønsberg (+235) som er dei store vinnarane når det gjeld auke i årsverk.
Bergen, som mellom anna fekk tilført operasjonssentralen frå Florø, har fått 148 nye årsverk i perioden.

SSB-tala vser ei tydeleg intern sentralisering innad i politidistriktene dei siste to åra, melder Dagbladet.

Mens nesten halvparten av kommunane i landet har mista årsverk i politiet, har hovudsetene i dei nye politidistrikta i landet hatt ein stor auke. 

Både Sp og Ap reagerer kraftig på tala.

- Tala overraskar meg dessverre ikkje, snarare er dette ei stadfesting på dei tilbakemeldingane vi har fått frå Politiets Fellesforbund og andre over heile landet dei siste åra. Men det er godt å få tala på papiret, for vi har etterspurt dette mang ein gang, og berre fått til svar at «det har vore ei historisk satsing på norsk politi», seier Lene Vågslid, justispolitisk talsperson i Ap, til Dagbladet.

Ho har no sendt eit skriftleg spørsmål til justusministeren om kva han vil gjere for å rydde opp, og peikar på at dette er eit brot på forliket i Stortinget om politireforma.

Artikkeltags