No er politidistriktet nedlagt

EINSAM SVALE: Liv Signe Navarsete var den einaste på fylket sin stortingsbenk som stemte for politidistriktet. Foto: Sp

EINSAM SVALE: Liv Signe Navarsete var den einaste på fylket sin stortingsbenk som stemte for politidistriktet. Foto: Sp

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Onsdag var det endeleg handsaming av politireforma på Stortinget.

DEL

Onsdag handsama Stortinget den nye politireforma, som legg opp til omorganisering av politiet i heile landet. Talet politidistrikt skal reduserast frå 27 til 12, og Sogn og Fjordane blir slått saman med Hordaland. I tillegg ligg det an til nedlegging av rundt 100 lensmannskontor.

Handsaminga i Stortinget var berre ein formalitet, då saka allereie var avgjort etter eit fleirtalsforlik mellom regjeringa, samarbeidspartia V og KrF, i tillegg til Ap.

Senterpartiet har kjempa for å oppretthalde eit politidistrikt i kvart fylke, og hadde eit eige framlegg om ein slik fylkesmodell, i tillegg til styrking av lensmannskontorene. Framlegget fekk naturleg nok ikkje fleirtal då Stortinget røysta onsdag. Frå Sogn og Fjordane sin stortingsbenk var det berre Liv Signe Navarsete (Sp) som reiste seg og stemte for framleis politidistrikt i fylket.

Parlamentarisk leiar i Sp, Marit Arnstad, seier i ei pressemelding at ho er bekymra for den framtidige tryggleiken i landet.

- Dette er startskotet på ei nedbygging av den lokale beredskapen. No ligg det an til at over 100 lensmannskontor skal leggast ned, og at vi vil få eit reint utrykkingspoliti. Det vil få enorme konsekvensar, meiner Arnstad.

- Beredskap og tryggleig handlar også om lokalkunnskap og førebygging, då kan vi ikkje legge ned og sentralisere lensmannskontorene, seier ho.

Artikkeltags