– Ja-kommunen Kinn, eit nasjonalt utstillingsvindu for framtidsretta næringspolitikk

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Fredag hadde Kinn Venstre sitt første årsmøte, På årsmøtet vart det samrøystes vedteke ei politisk fråsegn.

DEL

MeiningarDette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.Kinn kommune ligg tett på havet. Havet tener oss som transportåre, matfat, energikjelde – det er havet som er framtida. Og det er havet som er vår historie. I generasjonar har endringar i næringar, vêr og vind gjort at vi har måtte omstille oss. Vi er vande til rask og vellukka omstilling, til å kaste oss rundt og skape vår eiga framtid.

Opp gjennom tidene har nemleg vi på kysten måtte skape verdiane våre sjølv. Vi har ikkje hatt det privilegium andre lokalsamfunn har hatt med å bli definert som ”vekstsenter” eller anna, vi har ofte mangla drahjelp frå stat og fylkeskommune. Statlege og regionale arbeidsplassar, vegprosjekt etc har sjeldan funne vegen hit. Vegen viser seg ofte lengre ut mot kysten enn inn i fjorden. Vil vi få noko til må vi sjølv ta initiativ, gripe moglegheiter og skape verdiar. Vi ser ut mot verda, og verda ser til oss!

På mange område ligg Kinn langt framme i nasjonal og internasjonal samanheng, mellom anna:

  • Fiskeri- og oppdrettsnæringa står sterkt og bidreg stort til lokal og nasjonal verdiskaping.Framover ligg det store moglegheiter mellom anna med planar om oppdrettsanlegg på land både i regi av Nekst og Fjord Base i Florø, og i Vågsøy. Oppdrettsanlegg på land er store naturinngrep, og vi har regulert industriareal klart der slik etablering kan skje med minst mogleg negativ konsekvens. Det skjer mykje positivt innan forsking, som planane om Måløy Marine Ressursssenter (MMR). I Florø ligg ein av verdas største fiskefôrfabrikkar. Det er viktig at staten kjenner si besøkelsestid og bidreg til at desse berekraftige næringane og dei gode fagmiljøa får moglegheita til å vekse. Staten må mellom anna vere med på å finansiere MMR og tildele Nekst dei utviklingskonsesjonane dei har søkt om.
  • I Florø ligg landets grønaste og største forsyningsbase med 550 tilsette og 60 bedrifter. Sjølv om Fjord Base ligg tett på aktiviteten på norsk sokkel har ikkje vi fått like stor verdiskaping på land som ein har fått i nabofylka. Det er difor viktig at vi får ta del i det som er att av olje og gassaktiviteten på norsk sokkel i framtida. Satsinga i Florø må skje slik at vi får vidareutvikle og bygge opp kompetansemiljø som også kan stå seg på lengre sikt. Kompetansen lokalt må kunne vidareførast i ei grønare retning når anna industri blir viktigare, mellom anna innan offshore vind. Basen er godt i gang med grøn omstilling og treng ein stat som er på tilbodssida for å sikre vekst, utvikling og arbeidsplassar på kort og lengre sikt.
  • Maritim Forening Sogn og Fjordane med base i Florø og Måløy får nasjonal støtte frå Innovasjon Norge til å opprette Arena-klynga Ocean Hyway Cluster. Klynga skal femne om bedrifter som er kopla opp mot hydrogenbruk i dei havbaserte næringane. Hensikta med satsinga er å sikre at Norge blir leiande i verda på bruk av hydrogen som energiberar. Det er mange lokale prosjekt som banar veg for framtida.
  • Flora kommune sitt utviklingsprosjekt for utslippsfri hurtigbåt vart kåra til Årets lokale klimatiltak på Zerokonferansen i 2018. Primus motor for dette prosjektet er Venstre sin varaordførar i Flora Jan Henrik Nygård. Her må staten bidra til at prosjektet lar seg realisere.

Lista over offensive bedrifter i ulike storleikar er lang, og vi treng dei alle. I Kinn finn du bedrifter du aldri trudde låg i vår del av landet, eller for den del i Norge. Vi treng ein stat som spelar på lag med oss når vi skal skape framtida sjølv. Som kommune må vi gjere oss sjølv attraktive, vere ein ja-kommune som er på tilbodssida.

Meiner statlege politikarar alvor med å satse på ”havrommet” og ”det grøne skiftet” er det ingen stad som har betre føresetnader enn Kinn kommune. Mange snakkar om det, her lokalt gjer vi noko med det. Vi viser og vil vise at ”det grøne skiftet” skjer på ein måte som sikrar berekraftig vekst og framtidsretta arbeidsplassar. Kinn Venstre har som mål at kommunen skal være eit nasjonalt utstillingsvindu for ein framtidsretta næringspolitikk: For Venstre sin næringspolitikk.

Artikkeltags