Vidar Grønnevik er ny Høgre-leiar i fylket

Vidar Grønnevik frå Florø Høgre, vann kampvotering mot Noralv Distad og vart ny fylkesleiar i Høgre.

Vidar Grønnevik frå Florø Høgre, vann kampvotering mot Noralv Distad og vart ny fylkesleiar i Høgre. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Vann kampvotering mot Noralv Distad med klar margin.

DEL

Vidar Grønnevik frå Florø blei laurdags ettermiddag vald til ny fylkesleiar i Høgre under partiets fylkesårsmøte i Loen.

Den venta kampvoteringa mellom han og partiets gruppeleiar i fylkestinget, Noralv Distad frå Aurland, var venta å bli ein av dei mest spennande sekvensane under fylkesårsmøtet.

Les også: Samrøysta vedtak om omkamp for flyplassen

Utfallet var uvisst heilt til røystene frå den skriftlege avrøystinga vart talde opp. Der viste det seg at Grønnevik kom ut med 62 røyster, medan 46 delegatar røysta for Noralv Distad.

To trekte seg undervegs

Grønnevik hadde i utgangspunktet støtte frå ti av 16 lokallag under den tidlege fasen i arbeidet med å finne leiarkandidatar. Noralv Distad vart lansert som kandidat undervegs i prosessen, og under årsmøtet murra ein delegat om at prosessen ikkje hadde vore heilt god.

Arve Mjømen, som no går av som leiar, var i utgangspunktet open for å halde fram, men trekte kandidaturet sitt undervegs.

Også Olin Johanne Henden frå Gloppen var ei stund kandidat, men trekte kandidaturet sitt til leiarvervet.

Grønnevik rykkjer no opp til topposisjonen etter å ha vore nestleiar i fylkespartiet.

Skal ta tak i problema

– Vi har fått på plass eit godt styre og vedtatt mange gode resolusjonar. No startar arbeidet med å jobbe inn desse til fylke og stat, seier Grønnevik og listar opp blant anna Snorre 2040, Kystveg, andre vegar, bruer, tunnelar og reversering av kommersialiseringa av Florø Lufthamn.

– Det vil og bli naturleg å ta ei runde med måten vi har arbeida på innanfor fylkeslaget, å prøve å løyse dei problema vi har hatt. Det har vore ein del negativitet som ikkje bidrar til anna enn eit dårleg mediebilde, seier Grønnevik om arbeidsoppgåvene han no har framfor seg.

Godt fornøgd

For sjølv om debattane rundt leiarvervet har rast dei siste månadane, meiner Grønnevik det var ei fin stemning på fylkesårsmøtet på Hotell Alexandra i Loen denne helga.

– Det har vore ei veldig god helg. Alle eg har snakka med seier det har vore eit møte med mange gode dialogar og stor takhøgd, avsluttar han.

Artikkeltags