Kinn kapra toppverv i Vestland Venstre

FYLKESÅRSMØTEDELEGATAR: Sebastian Kvalheim og Dina Bovim, saman med partileiar Trine Skei Grande.

FYLKESÅRSMØTEDELEGATAR: Sebastian Kvalheim og Dina Bovim, saman med partileiar Trine Skei Grande.

FLORØ: Jan Henrik Nygård frå Florø er valt som første nestleiar i Vestland Venstre.

DEL

På fylkesårsmøtet til Vestland Venstre i Voss i helga vart Jan Henrik Nygård samtøystes vald som 1. nestleiar i Vestland Venstre. Fram til årsskiftet var han leiar i Sogn og Fjordane Venstre. Han vart også vald som ein av Vestland Venstre sine tre medlemmar i landsstyret.

Topposisjonen som leiar gjekk til Åsta Årøen frå Bergen.

- Eg gler meg til å jobbe for Vestland Venstre i eit engasjert og framoverlent fylkesstyre. Å få halde fram i landsstyret til regjeringspartiet Venstre gjer at eg får vere tett på viktige avgjerder for partiet og landet, seier Jan Henrik Nygård i ei pressemelding.

- Jan Henrik har vore lokalpolitikar i mange år, og har hatt leiande roller som mellom anna varaordførar i Flora og leiar i fellesnemnda for Kinn - og no som sentral medlem i vår kommunestyregruppe i Kinn. Han har satt Florø på kartet som hydrogenby, og blitt lagt merke til og sett opp til i eit parti som spesielt jobbar for det grøne skiftet i næringslivet. Som bedriftsleiar og lokalpolitikar tilfører han viktige og verdifulle perspektiv til det regionale og nasjonale partiapparatet, seier Kinn Venstre sin gruppeleiar Jacob Nødseth i ein kommentar.

Kinn Venstre er det nest største lokallaget i Vestland Venstre etter Bergen. På fylkesårsmøtet var Kinn Venstre representert ved Edvard Iversen, Sebastian Kvalheim, Dina Bovim, Åse-Iren Korneliussen, Jacob Nødseth, Jan Henrik Nygård og nyslått lokallagsleiar Hilmar Eliasson.

- Vi er ein gjeng som er ung til sinns uavhengig av alder, men eg er særleg glad for at vi har ungdommen sterkt representert i fylkesårsmøtedelegasjonen vår med Sebastian og Dina, seier Hilmar Eliasson.

Irene Storøy frå Bremanger kapra seg ein varaplass til det nye fylkesstyret.

KINN-DELEGATANE:  På fylkesårsmøtet var Kinn Venstre representert ved Edvard Iversen, Sebastian Kvalheim, Dina Bovim, Åse-Iren Korneliussen, Jacob Nødseth, Jan Henrik Nygård og nyslått lokallagsleiar Hilmar Eliasson.

KINN-DELEGATANE: På fylkesårsmøtet var Kinn Venstre representert ved Edvard Iversen, Sebastian Kvalheim, Dina Bovim, Åse-Iren Korneliussen, Jacob Nødseth, Jan Henrik Nygård og nyslått lokallagsleiar Hilmar Eliasson.

Artikkeltags