Senterpartiet fekk fylkesordføraren, lovar gratis skulefrukost til alle elevar på vidaregåande

Jon Askeland (Sp) (t.h.) blir fylkesordfører i Vestland. Her sammen med fersk fylkesvaraordfører Natalia Golis (MDG) (t.v.) og tidligere fylkesordfører i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap).

Jon Askeland (Sp) (t.h.) blir fylkesordfører i Vestland. Her sammen med fersk fylkesvaraordfører Natalia Golis (MDG) (t.v.) og tidligere fylkesordfører i Hordaland Anne Gine Hestetun (Ap). Foto:

VAL2019: Forhandlingane om makta i Vestland fylke er over. Jon Askeland frå Senterpartiet er den nye fylkesordføraren.

DEL

– Vårt store felles prosjekt er å byggja det nye fylket til det beste for alle innbyggjarane. Det har vore den gjennomgåande målsetjinga når me har arbeidd fram den nye politiske plattforma med samarbeidspartia, seier Askeland, som blir Vestland sin aller første fylkesordførar, i ein pressemelding.

Han går i bresjen for det politiske prosjektet, med Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet De Grønne, Arbeidarpartiet, Venstre og SV i ryggen. Natalia Golis frå MDG blir fylkesvaraordførar. Det er dermed med ei brei politisk forankring samarbeidspartia nå tar fatt på bygginga av det nye fylket.

Bråkete bakteppe

Det er Anne Gina Hestetun frå Ap som har leia forhandlingane. Ho fortel til Bergens Tidende at det har vore lange forhandlingar før dei kom i mål.

– Det blei eit bråkete bakteppe etter dette valet. Vi begynte derfor forhandlingane allereie valnatta, og sat til sju om morgonen. Deretter har vi sete hele veka.

Den avtroppande fylkesordførar i Hordaland seier ho er glad for at Askeland blei fylkesordførar.

Gratis skulefrukost

Dei seks partia har blitt einige om å seie nei til fleire kommersielle vidaregåande skular. Dei som allereie finst skal ikkje utvidast. Det skal greiast ut nye inntaksmodellar, og alle elevar på vidaregåande skule i Vestland skal få eit tilbod om gratis skulefrukost.

Platformen slår også fast at tida for vindkraft i urørt natur er over. Fylket skal dessutan no stille krav om nullutslepp i alle framtidige anbod som gjeld kollektivtrafikk.

Fordelinga av verv blir slik:

  • Arbeidarpartiet skal leie opplæringsutvalet. SV får nestleiaren.
  • Arbeidarpartiet skal også leie utvalet for kultur og idrett. Her skal Venstre ha nestleiaren.
  • KrF skal leie næringsutvalet medan Sp får nestleiaren.
  • I Fylkesutvalet får Arbeidarpartiet fire plassar. Senterpartiet to, MDG, SV, KrF og Venstre får ein representant kvar.

Askeland blir konstituert fylkesordførar 15. oktober.

– Nå skal to fylkeskulturar bli kjent med kvarandre. Det er viktig at vi klarer å bli ein raus, grøn, desentralisert og open fylkeskommune, samt at vi klarer å jobbe saman politisk for våre veljarar, seier han til BA.

Artikkeltags