Er du usikker på korleis du skal stemme? Vi hjelper deg!

    VAL2019: Er du ikkje heilt sikker på korleis du går fram når du skal stemme? Kan du krysse eller føre opp slengarar? Kva med å stryke politikarar du ikkje liker? Med denne guiden får du hjelp på vegen.

    DEL

    Det er ikkje vanskeleg å stemme, men om det er første gong du skal gjere det, eller om du er usikker på om det er noko nytt i år, kan det kanskje vere greitt med ein liten gjennomgang av korleis du eigentleg går fram. Her er vår guide til korleis du får levert din godkjende stemmesetel dit den skal, slik at du kan vere med og påverke kven som skal styre kommunen, og fylket vårt, dei neste fire åra. Heng med!

    1. Husk på at du må ha med deg gyldig legitimasjon. Pass, førarkort, eller bankkort med bilde på. Du treng ikkje ha med valkortet ditt for å stemme, men det er fint om du hugsar det likevel. Det gjer det litt enklare for valfunksjonærane i stemmelokalet.

    2. Inne i valavlukket finn du listene til alle partia som stiller til val. I år er det kommune- og fylkestingsval. Det betyr at vi skal velje representantar både til kommune/bystyret, og til fylkestinget. Dei blå listene er til fylket, dei rosa er til kommunen. Kva for liste du skal stemme på må du bestemme sjølv, men du kan plukke ein av kvar farge.

    3. Det er mogleg å gjere endringar på stemmesetlane. På den rosa stemmesetelen, som gjeld for kommunevalet, kan du gjere to ting. Om du ikkje er einig i rekkefølga på kandidatane på lista du har valt kan du gje ein personstemme til ein annan person på lista. Det gjer du ved å sette eit kryss i ruta til venstre for den personen du vil stemme på. Dei kandidatane som får flest personstemmer til saman blir valt. Du kan dele ut så mange personstemmer som du vil på lista.

    I tillegg kan du dele ut det som gjerne blir kalla for «slengarar». På stemmesetelen er det sette av eit felt der du kan føre opp kandidatar frå ein annan liste som du ønsker å dele ut ein personstemme til. I bystyret i Kinn kommune skal det sitte 39 folkevalde politikarar. Det betyr at den lista du vil stemme på har 39 listestemmer. Om du vel å føre på ein slengar på den lista blir lista svekka med ein listestemme, medan partiet til den personen du set opp som slengar får ein listestemme.

    Tidlegare kunne du også stryke kandidatar som du meinte ikkje burde stå på lista, men det er ikkje lov lenger. Du kan altså berre krysse av og føre opp slengarar, men du kan ikkje stryke nokon.

    På listene vil du sjå at nokre av dei øvste kandidatane er ført opp i utheva skrift. Det betyr at dei får eit stemmetillegg. Dette er gjort for at dei politiske partia skal kunne påverke kven av kandidatane på lista som blir valt inn på kommunestyret.

    På den blå stemmesetelen, som gjeld for fylkestinget, kan du ikkje føre på slengarar. Bortsett frå det er det same reglane som på den rosa stemmesetelen.

    4. Det er hemmeleg val i Norge. Ingen treng å vite kva du stemmer på. Brett difor stemmesetlane dine med partinamnet inn, og feltet for stempling ut. Då kan ingen sjå kva du stemmer. Det brukast ikkje konvolutt eller anna omslag rundt stemmesetlane.

    5. Gå til ein valfunksjonær og få stempel på utsida av stemmesetlane. Hugs at du må ha stempel på begge stemmesetlane for at dei skal vere godkjend.

    6. Legg stemmesetlane i valurna.

    Då har du gjort di borgarplikt, og vore med på å bestemme kven som skal styre i Kinn kommune og Vestland fylke dei neste fire åra. Godt val!



    Artikkeltags