Medan Sogn og Fjordane Høgre la helgas årsmøte til Loen, samlast Sogn og Fjordane SV i Florø. Der blei flyktningssituasjonen eit heitt tema, då kommunane i fylket totalt har sagt ja til å busette 563 flyktningar i 2016.

– For å sikre integrering er det viktig at vi får med oss frivillige lag og organisasjonar, seier Bente Nilsen, dagleg leiar i Flora Frivilligsentral og formannskapsmedlem for SV i Flora bystyre.

Les også: Vidar Grønnevik ny leiar for Høgre

– Det viktig å utnytte dei fordelane vi har i småbyar og mindre lokalsamfunn fordi dei er mindre og meir oversiktlege. Det kan gjere det lettare å få til inkludering og intergrering.

Skryt ovanfrå

Stortingsrepresentant og nestleiar i SV, Snorre Valen, var gjest under årsmøtet, og skrytte over måten Flora kommune har teke i mot flyktningar på.

– I haust har vi sett at flyktningkrisa har utløyst politisk panikk på Stortinget, og då er det godt å sjå kommunar som syner politisk leiarskap, seier Valen.

Les også: Omkamp rundt lufthamna

Mot privat profitt

SV har no levert ei tiltaksliste til Stortinget med 50 framlegg til korleis ein kan sikre ei betre integrering i Noreg. Mange av desse allereie gjennomført i Flora.

– SV meiner det er viktig at kommunane driv mottaka sjølv, og at staten må legge betre til rette for dette. Overføringar frå staten skal brukast der flyktningane er innbyggarar, og ikkje til profitt for private mottaksaktørar, seier fylkesleiar Vibeke Johnsen.

Talet på asylsøkarar til Noreg auka kraftig i 2015, og har no passert 30.000. Prognosen for 2016 er framleis usikre, men det er kommunane som sitt ansvar å integrere og busette.

– SV ønsker at kommunane skal ha gode integreringstiltak som gjer bustad, arbeid, barnehageplass, skule og opplæring og integrering gjennom frivillige organisasjonar endå enklare, avsluttar Valen.