Fylkesdirektøren vil ikkje ha meining om nikab-forbod. Frp: «Mangel på mot»

REAGERER: – Fylkesadministrasjonen burde våge å seie at plagg som speglar av ein kvinneundertrykkande kultur ikkje har noko i skulen vår å gjere, seier Frank Willy Djuvik.

REAGERER: – Fylkesadministrasjonen burde våge å seie at plagg som speglar av ein kvinneundertrykkande kultur ikkje har noko i skulen vår å gjere, seier Frank Willy Djuvik.

Artikkelen er over 2 år gammel

OPPLÆRING: Den fylkeskommunale opplæringsdirektøren vil ikkje gi politikarane tilråding, før dei skal ta stilling til regjeringsframlegget mot bruk av nikab og burka i skulen. – Utruleg, og skuffande, seier Frps Frank Willy Djuvik.

DEL

Fylkesadministrasjonen avstår frå å ha noko som helst meining om høyringsframlegget frå Kunnskapsdepartementet, som ønskjer å innføre forbod mot bruk av plagg som heilt eller delvis dekkjer ansiktet i barnehagar og utdanningsinstitusjonar.

Framlegget skal behandlast politisk i opplæringsutvalet i neste veke, men blir lagt fram utan tilråding.

Saksutgreiinga på seks sider inneheld eit konsentrat av høyringsnotatet departementet har sendt ut, men ingen eigne vurderingar frå fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane si side.

«Politikk»

Opplæringsdirektør Tor-Einar Holvik Skinlo meiner dette er ein type sak der administrasjonen ikkje skal gi tilråding.

– Dette er ei sak som handlar om politikk og ikkje om fag, og der det ikkje er naturleg for administrasjonen å lage framlegg til vedtak. Vi plar ikkje gi tilråding i slike saker, seier Skinlo til Firda.

Den same opplæringsadministrasjonen som her meiner den her ikkje skal gi politikarane råd, har likevel sjølv sendt høyringsnotatet til rektorane ved dei vidaregåande skulene, til Elevorganisasjonen og til Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane, og bede om innspel til saka. Det har ikkje kome synspunkt frå nokon av desse.

Leiaren i opplæringsutvalet, KariAnne Torvanger (Ap), og nestleiar Alfred Bjørlo (V) ser begge på opplæringsdirektørens framgangsmåte med forståing. Det gjer ikkje Frps gruppeleiar i fylkestinget, Frank Willy Djuvik:

– Dette er heilt utruleg. Tidlegare, når det har kome høyringsframlegg om til dømes fråvèrsgrenser, og som også er politikk, har administrasjonen hatt meiningar. Men det er openberrt kvifor dette no ikkje skjer. Administrasjonen ønskjer ikkje å ha ei meining i ei sak som er politisk betent, seier Djuvik.

Speglar kvinneundertrykking

Han meiner saka om heildekkande andletsplagg er ei sak der det burde vere enkelt for både opplæringsadministrasjon, rektorar og ungdomsrepresentantar i Sogn og Fjordane å ha ei meining:

– Skulen er ikkje ein arena der slike kvinneundertrykkande plagg bør vere lovleg. Nikab og burka speglar ein kultur der menn har ein eigartrong. Det burde vere uproblematisk for fylkesdirektøren å seie at slik kvinnediskriminering godtek vi ikkje i skulen i Sogn og Fjordane.

Djuvik meiner fylkesdirektørens handlemåte i denne saka ikkje framstår som spesielt modig.

– Det overraskar meg at likestillinga er komen så kort at ein fylkesdirektør ikkje kan seie at det er ugreitt å bruke slike plagg, av frykt for reaksjonar. Det skuffar meg. Dette er noko vi må våge å ta stilling til, seier Frps gruppeleiar.

Litt spesielt, men...

Utvalsleiar KariAnne Torvanger (Ap) tykkjer det kanskje er litt spesielt at det ikkje blir gitt tilråding i denne saka, men seier ho forstår at fylkesadministrasjonen ikkje ønskjer å gjere dette i betente saker.

– Eg må berre ta til vitande at tilrådinga manglar. Så får vi sjå kva vi seier i utvalet. Men eg har vel inntrykk av at departement og regjering ikkje kjem til å høyre på innspela uansett, seier Torvanger til Firda.

Også Alfred Bjørlo (V) seier han har ei viss forståing for det administrasjonen her gjer.

– Materialet dei legg fram gir eit godt bakgrunnsunderlag, men dei oppfattar nok dette som politisk. Problematikken rundt heildekkande andletsplagg er vel heller ikkje eit stort tema ved skulane i her i fylket i dag. Kanskje er det difor dei overlet til politikarane å legge retningslinene, seier Bjørlo.

Artikkeltags