Skal styrke Senterpartiet som kystparti

Jan Arve Midtbø og Jarle Oddgeir Solheim- lokallagsleiar i Senterpartiet i Flora.

Jan Arve Midtbø og Jarle Oddgeir Solheim- lokallagsleiar i Senterpartiet i Flora. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Tidlegare Venstre-mann og fritalande bygdeslugger, Jan Arve Midtbø, er kommen i trygg hamn i Senterpartiet. – Vi kjem til å gjere eit kjempeval neste år, trur han.

DEL

Lokallagsleiar i Flora Senterparti, Jarle Oddgeir Solheim, smiler frå tå til isse etter at bystyregruppa no aukar frå ein til tre representantar. Bystyremedlem Målfrid Steindal får også selskap av Torgunn Eikevik (ex-Venstre). I dei siste månadene har Sp fått åtte nye medlemmer, mellom dei også diktarskalden Oddvar Karlsen i Eikefjord. Politisk sett får endringa ingen konsekvensar denne perioden. Sp er del av den styrande kvintetten i bystyret.

Frå levra

– No kan eg endeleg snakke meir rett frå levra, humrar Midtbø, og strekar under at han er sjeleglad for å vere ut av Venstre. Truleg er gleda gjensidig. Det har ikkje vore slagordet «by og land- hand i hand», som har prega styremøta i Flora Venstre siste åra.

– Eg bestemte meg eigentleg etter førre nominasjon, då Venstre skubba meg lengst mogleg nedover på vallistene. Og eg trur eg kjem til å ta med meg mange Venstre-stemmer med på lasset. No har eg vore uavhengig i kring eit halvår og det var på tide å finne meg eit anna parti. Då er Sp det som er nærast.

Dei to strekar under at det er partiet sitt valspråk, «Vi trur på heile Norge», som er styrande.

– Vi treng utvikling både i bygdene og i kystbyen Florø.

Feil bilde

– Men, understrekar Jarle Oddgeir Solheim, bildet av Sp som eit kystfiendtleg parti er ikkje rett. Eg har sjølv høyrt leiinga på Fjord Base skryte av Sp og dåverande fylkesordførar Nils R. Sandal sin innsats for oljebasen i Flora. Utan Sp si støtte hadde ikkje basen vore slik som i dag. Eit anna eksempel er at vi var i tett dialog med fylkesordførar Følling då fylkestinget avgjorde kystveg-saka i desember. Vi jobba for å få brukryssing av ytre Nordfjord inn i vedtaket. Det bidrog vi sterkt til.

Jan Arve Midtbø viser til at i stortingsvalet i fjor var det tett opp under 1000 veljarar i Flora som stemde på Senterpartiet. Det gjer Flora til ei av dei tre største Sp-kommunane målt i tal stemmer.

– Eg trur Sp vil styrke seg enno meir og at vi kan få veljarar tilsvarande ei bystyregruppe på 5–6 medlemmer neste år.

Dannar ikkje Kinn-lag

– Men skal de ikkje danne eit Kinn Senterparti?

– Nei, vi har snakka med Vågsøy Sp og vorte samde om at vi held fram med to separate partilag. Dersom Kinn kommune skulle bli ein realitet – så får vi revurdere dette i 2019 eller 2020. Sp meiner at kommunesamanslåing skal skje på frivillig basis. Vedtaket om å danne Kinn kommune har gått over alle støvleskaft og er gjort på tvers av folkeviljen. Særleg av ordføraren og kommunestyret i Vågsøy, som faktisk visste at dei hadde berre litt over 30 prosent ja-stemmer til kommunesamanslåing i folkehøyringa.  

Viss vi i Flora i ei folkerøysting fekk velje mellom kommunesamanslåing med Vågsøy eller storkommunen i Sunnfjord, så er eg overtydd om at det ville vere eit mindretal for Vågsøy.

Jan Arve Midtbø

– Men Sp blir skulda for å stå bak salet av Fjord1?

– Alle partia var samde om sal og det var faktisk ein utbrytar i Høgre-gruppa som sikra sjølve vedtaket om sal av Fjord1. Vi i Sp ville gjerne halde fram som eigar, men med eit regelverk som gjorde det umogleg for eit fylke å hente inn kapital til selskapet i børs-marknaden, så var ikkje fylket i stand til å føre vidare eigarskapen sin. Selskapet trong veldig mykje frisk kapital for å vere konkurransedyktig i marknaden. 

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags