Gjekk for éi politieining i fylket

Politi

Politi Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Fylkesutvalet har bestemt seg: politiet i Sogn og Fjordane blir lagt under ei driftseining for heile fylket.

DEL

Det fortel fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Firda.

Fylkesutvalet har denne onsdagen tatt stilling til politireforma. Då gjekk dei for fylkesrådmannen sitt framlegg, med unntak av punktet som gjekk på antal driftseiningar i fylket.

Rådmannen foreslo nemleg å halde fylkets tenesteeiningar under tre driftseiningar: Sunnfjord, Nordfjord og Sogn, slik som i dag. I dag vedtok fylkesutvalet derimot at tenesteeiningane blir samla under ei felles geografisk driftseining som femner om heile Sogn og Fjordane.

Framlegget om ei geografisk eining for heile fylket kom frå Høgre, KrF og Ap.

– Ei geografisk driftseining vil best legge til rette for å ha mest mogleg komplette spesialistfunksjonar i Sogn og Fjordane, står det i framlegget.

Artikkeltags