– Jo lenger du er på Facebook, jo meir misser du trua på menneska

DEMOKRATISK PROBLEM: - Nivået på nettdebattane i sosiale media er eit stort demokratisk problem, seier Frp-politikar Frank Willy Djuvik.

DEMOKRATISK PROBLEM: - Nivået på nettdebattane i sosiale media er eit stort demokratisk problem, seier Frp-politikar Frank Willy Djuvik. Foto:

FLORØ: Tidlegare var lokalpolitikar Frank Willy Djuvik (Frp) svært aktiv i sosiale media. Til slutt vart han så oppgitt over debattnivået på Facebook at han valde å trekke seg tilbake.

DEL

– No nyttar eg stort sett Facebook til å halde oversikt over dei viktigaste nyheitssaker eg må få med meg, så eg slepp å stikke innom alle nettavisene. Det seier Frank Willy Djuvik til Firdaposten.

Han uttalar seg på generelt grunnlag om hets og trakassering i sosiale media, utan å vise til konkrete personar eller grupper. Han rosar Firdaposten for å ville ta opp temaet «netthets», men meiner at avisa så langt ikkje har gjort det.

– Dette har blitt ei einsidig vinkling på ei enkelt Facebook gruppe, og ein enkelt person. Eg trur ikkje dette bidrar noko som helst positivt, då dette berre fører til at Ja- og Nei-forkjemparar til Kinn går i skyttargravene sine. Dette er eit problem som er mykje større og meir omfattande enn ei enkeltsak eller ei enkelt gruppe på Facebook. Dette handlar om korleis vi oppfører oss på sosiale medium, og korleis vi omtalar kvarandre, meiner Djuvik.

– Demokratisk problem

– Hets og trakassering i sosiale media er eit kjempestort demokratisk problem. Det øydelegg demokratiet. Folk sluttar å ytre seg, og sluttar å engasjere seg. Mange blir skremde frå å engasjere seg politisk. Det er kjempeutfordrande, uansett kva side ein står på i ei sak, seier Djuvik.

Som lokalpolitikar er det kanskje omtale av andre kollegaer som irriterer mest:

– Mange forsvarar personleg hets mot politikarar, med argument om at politikaren har gjort noko som er mykje verre. Det er vanskeleg nok frå før å vere lokalpolitikar, om ein ikkje skal bli hetsa i tillegg, påpeikar han.

– Politikarar som tener totalt 8.000 til 10.000 kroner i året på å sitte i kommunestyret blir hetsa for å vere «griske». Hadde vi vore griske, så hadde vi ikkje meldt oss til denne sjølvpininga!

Djuvik har sjølv opplevd både netthets, sjikane og trugsmål, og har sjølv heilt slutta å diskutere i sosiale media.

– Jo lenger du er på Facebook, jo meir misser du trua på menneskeheita. Det er så mykje ibuande drit som folk spyr ut over kvarandre. Men samstundes er det jo vi sjølve so gjer til at nettrolla vinnar, fordi vi sluttar å engasjere oss. Går vi inn og forsvarar kvarandre? Nei, vi held oss unna, og tar ikkje til motmæle, seier han.

Djuvik trur at Facebook etter kvart kjem til å døy som seriøst debattform.

– Og det er veldig synd. Det er jo eit godt verktøy for å få innspel og høyre folk si meining. Men no er det veldig øydelagt.

Nettdebatt er også bra, men.

Djuvik synst det er ufatteleg viktig og bra at folk debatterer og seier ifrå om dei har sterke meiningar i ulike saker.

– Og ein kan gjerne bruke friske ord og uttrykk! Men når ein kryssar over og går på personen, ikkje på saka, det er då det blir gale. Ein må klare å skilje mellom sak og person, meiner han.

– Om vi vil overvinne netthets og mobbing blant barn og unge, så må vi begynne med oss sjølv. I saka om samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn kommune, så har det vore sterke meiningar og sterk ordbruk begge vegar. Sjølv har eg, trass i at eg har vore for samanslåinga, aldri opplevd å verte sjikanert eller truga i den saka. Andre har openbert opplevd det, og det er utruleg trist. Eg har vore i tøffe diskusjonar, der eg har vore lynande usamd med dei eg har diskutert med, men stort sett har det vore sakleg og greie diskusjonar, seier han.

– Alle involverte her er menneske

– Eg trur vi alle må setje ein fot i bakken og hugse på at alle involverte her er menneske, menneske med kjensler. Og om vi alle klarer å hugse det neste gang vi skriv noko på Facebook eller i avisa, og tenkjer over korleis vi sjølv hadde følt det om det vi skriv om andre hadde vore oss sjølv, så kjem vi mykje lenger. Vi har alle eit ansvar til å overvinne netthets og sjikanering, både som enkeltpersonar og medmenneske.

Han ber både Firdaposten og alle andre om å legge vekk det han kallar «auge for auge»- metodikken.

– Det fører ingenting godt med seg. Eg har vore grunnleggjande usamd med Jostein Eimhjellen i samanslåingsdebatten, og har diskutert i mange timar med han både på telefon og på Facebook. Eg ser og at han i nokre tilfelle har trakka langt over streken for kva som er akseptabelt. Men gjennom sitt engasjement så har han og bidratt mykje med informasjon i debatten, noko som ein ikkje skal undervurdere. Det å henge ut ein enkeltperson som «årsaka» til hets og sjikane av lokalpolitikarar er likevel langt over streken etter mitt syn. Vi må alle stå til ansvar for det vi skriv og seier, men ei så einsidig slagside mot ein enkeltperson som Firdaposten har hatt hittil i temaserien sin er ikkje bra, meiner Djuvik.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken