Fredag rett etter jobb inviterte Flora Venstre til Pils og Politikk på Kysten bar.
På programmet stod paneldebatt med Ola Elvestuen, leiar av miljø- og energikomiteen på Stortinget, og næringslivsleiarar og samfunnsdebattantar frå Flora, og dessutan utdeling av Sogn og Fjordane Venstre sin miljøpris til det Florø-baserte selskapet Nekst.
Tanken var god. Piils og Politikk er eit arrangement som er ein by verdig, men ting gjekk ikkje heilt etter planen.
Unison forsamling
Ola Elvestuen forsvann i luftrommet over fjellet ein stad og dukka opp att på Festplassen i Bergen. (Litt uklart om det var flyet som kom for seint til mellomlandinga i Bergen, eller mannen som kom for seint til flyet, det siste kan for så vidt forsvarast med ein lang arbeidsdag på Stortinget med ny norsk klimalov, fiffig nok dagen etter at Trump trakk USA ut av Paris-avtalen.)
Når sant skal seiast - og det skal det jo helst - så var forsamlinga på Kysten bar så unison at det neppe hadde borga for det heilt store ordskiftet uansett. Masse gode Venstre-folk der, med andre ord.
Så dukka Elvestuen opp likevel
Ola Elvestuen synte seg til slutt, via Skype frå Festplassen i Bergen.
Han fortalte om arbeidsdagen sin på Stortinget med ny klimalov.
- Unekteleg ei spesiell oppleving dagen etter at Trump trekte USA ut av Paris-avtalen. Verdas største økonomi gir blaffen, sa Elvestuen.
"And on that bomb shell" forsvann Skype-dekninga, og storskjermen gjekk i svart.
- Da' må vere amerikanarane, kom det tørt frå ei stemme i salen.
Ein liten dose alvor
Utdelinga av miljøprisen gjekk derimot som tenkt.
Martin Ramsdal i oppdrettsselskapet Nekst fortalte litt om arbeidet deira med landbasert oppdrettsanlegg. Miljøgevinsten, både når det gjeld lakselus og rømming, blir omtalt som "stor". Så fekk han overrekt diplom og ein blomstervase i tilbørleg grønfarge.
Venstre ønsker med prisen å berømme næringslivsaktørar som gjer positive ting for det grøne skiftet og ikkje berre vere den sure tanta som kjeftar om alt som er gale.
Nor Tekstil og Lefdal Gruve er to selskap som tidlegare har blitt heidra. Og no altså Nekst, som Flora-selskap nummer to i prisens 5 år lange historie.