– Havstrategi med mykje fagre ord

Ingrid Heggø i dialog med fiskerinæringa i Bremanger.

Ingrid Heggø i dialog med fiskerinæringa i Bremanger. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

– Regjeringa snakkar mykje om å jobbe for og stimulere til og mange punkt på skrytelista er pressa fram av opposisjonen.

DEL

Det seier Ingrid Heggø- fiskeripolitisk talskvinne i Ap.

Ho viser til at regjeringa legg fram ein 100 siders strategi, som ho meiner er nesten utan tiltak og forpliktingar.

LES OGSÅ OM FISKARLAGET :

– Dette er ein strategi for framtidas jobbar, sa statsminister Erna Solberg då regjeringa tysdag la fram sin havstrategi.

Ho viste til at havnæringane har stått for teknologibølgene som la mykje av grunnlaget for det moderne Norge og dagens regjerande generasjon må no føre stafettpinnen vidare.

Etterlyser handlekraft

– Når Erna Solberg viser til at eit av dei viktigaste tiltaka er å varsle ei ny stortingsmelding, så vitnar det om lite handlekraft. Eg hadde venta at her faktisk kom tiltak for å sikre landet vårt internasjonalt leiarskap- ikkje berre fagre ord om å jobbe for og stimulere til og oppramsing av allereie eksisterande tiltak. 

Heggø viser til at næringsminister Monica Mæland viser til at det brukt historisk mykje på forsking.

Dette er regjeringas viktigaste tiltak:

Gje marin og maritim næring sjansen til å teste ut løysingar i fullskala- slik oljenæringa har fått lov til gjennom Demo2000. Styrke næringsretta forsking på tvers av havnæringane og støtte arbeidet med å utvikle Norge som ei internasjonal merkevare.

Kartlegge oppdrett av nye artar og legge til rette for hausting av nye artar.

Meir til forsking på økosystem på kysten og legge til rette for vidare havbruksvekst.

Meir forsking på havøkosystem og rolla dei spelar for det globale klimaet.

Opne for meir kartlegging av oljeressursar og mineralforekomstar i havrommet.

Styrke petroleumsforskinga for å auke konkurransekrafta til oljebransjen og havbaserte næringar generelt.

– Innan bestandsforsking så er det opposisjonen og støttepartia som har tvinga det fram. Godt jobba av støttepartia i forhandlingane som også gav ein forpliktande opptrappingsplan.

Heggø gir honnør til regjeringa når det gjeld å opne for fullskala testing av anlegg i marin og maritim næring- laga over same lest som prosjektet Demo2000 i oljenæringa. Eit positivt element er også fleire forskingstokt i arktiske strøk.

.- Eit stort varsku bør det likevel vere for eit samla fiskeri Norge når regjeringa seier dei vil legge til rette for hausting av nye arter. I samband med det ville regjeringa har fritak frå nasjnalitetskravet i deltakarlova. Det fekk vi i opposisjonen stoppa. 

Artikkeltags