Hundrevis i Sogn og Fjordane fekk ikkje stemme fordi dei hadde motteke fattighjelp

Onsdag 17. juli er 100-årsjubileet for fjerninga av bestemmelsen som  fråtok dei som hadde motteke fattighjelp retten til å stemme.

Onsdag 17. juli er 100-årsjubileet for fjerninga av bestemmelsen som fråtok dei som hadde motteke fattighjelp retten til å stemme.

Onsdag 17. juli vert 100-årsjubileet for ein demokratisk milepæl for heile landet markert. På denne datoen i 1919, fjerna Stortinget føresegna som tok frå dei som hadde motteke fattighjelp retten til å stemme.

DEL

Føresegna blei innført samstundes med alminneleg stemmerett for menn i 1898. Då kvinner fekk stemmerett på lik linje med menn i 1913, skjedde det ein stor veke i talet stemmeberettiga som blei ramma av suspensjonen.

– På det meste, ved stortingsvalet i 1915, var 623 menneske i Sogn og Fjordane hindra i å bruke stemmeretten fordi dei hadde motteke fattighjelp, seier stortingspresident Tone W. Trøen.

Arbeidarbydelar i dei store byane blei råka hardast. Det kom protestar både frå arbeidarklassen sjølv og frå menneske som på nært hald så korleis suspensjonsavgjerda slo urettferdig ut i lokalsamfunna og kor vanskeleg den var å handtere.

–I løpet av dei 20 åra føresegna om suspensjon av fattige bestod, råka den urettferdig og mange fleire enn det den i utgangspunktet var tenkt å råke, på landsbasis var det 2/3 kvinner. Mange av desse det gjaldt var enker og åleinemødrer som sleit med å få endane til å møtast, og måtte få hjelp frå det offentlege, seier Trøen.

Den 17. juli 1919 vedtok eit samrøystes Storting å fjerne føresegna i Grunnloven som tok frå fattige rett til å røyste, etter fleire rundar med lemping av paragrafen.

Stortinget markerer jubileet gjennom heile dette året, med fleire arrangement og eigen jubileumsside. Onsdag 17. juli blir det feiring av jubileet på Eidsvolls plass, framfor Stortinget.

Artikkeltags