«Ap sine ordførarar kan då ikkje berre la seg avbilde av media i gladsaker, medan dei skuldar på alle andre når det ikkje går heilt på skinner»

SVARAR PÅ TILTALE: Leiaren i Kinn Sp, Nils Myklebust, svarar på Ola Teigen sitt innlegg «Kva skal ein stemme på, er spørsmålet. Kinn eller kaos?»

SVARAR PÅ TILTALE: Leiaren i Kinn Sp, Nils Myklebust, svarar på Ola Teigen sitt innlegg «Kva skal ein stemme på, er spørsmålet. Kinn eller kaos?» Foto:

Av

POLITIKK: Kaoskontroll eller kva? Nils Myklebust svarar på Ola Teigen sitt innlegg.

DEL

MeiningarEg trur det vert vanskeleg for deg, Ola Teigen, å skape truverd blant folk for påstanden din om at Sp står for kaos. Det kaoset er det nok heilt andre parti som har skuld i.

I ditt tilsvar til Gunnar Nore sitt innlegg kjem du med usannheiter om kva underteikna både har sagt og ikkje sagt.

Mellom anna les eg at du aldri har høyrt at eg har vore uroa over høg pengebruk i Vågsøy i 2019. Dette kan etter mi meining berre tolkast på to måtar; anten så følgjer du ikkje med eller så vil du ikkje vedkjenne deg at det er Vågsøy Ap saman med H og V som har stått for budsjetta i Vågsøy dei siste tre åra.

Sp har saman med andre parti hatt heilt andre budsjettframlegg i den inneverande perioden og desse har alle budsjettert med lågare pengebruk. Var det ikkje for Kinn-prosessen, som i seg sjølv har bandlagd store økonomiske ressursar i begge kommunane, ville vi i dag ha vore i ein heilt anna økonomisk situasjon.

Det er ingen grunn til å rette skytsa mot Senterpartiet for vi har så visst vore uroa for økonomien i lang tid. Kanskje er det i eigne rekker du må leite?

Nok ei gong skriv du at eg har kome med ugrunna påstandar om lønsharmonisering i femti – sekstimillionarsklassen.

La oss ta dette ei gong for alle – så slepp vi kanskje fleire gjentakingar;

Når eg har uttalt meg i denne saka tidlegare har eg vist til begge kommunane sine årsmeldingar for 2017. Der finn du tala svart på kvitt.

Det eg har gjort, er å spørje korleis dette heng i hop. Eg har til dags dato ikkje fått noko godt svar. Dette meiner eg du kunne du ha bidrege til å bringe klarheit i for lenge sidan.

Samstundes som du altså framleis påstår at dei fulle kostnadane for lønsharmoniseringa er på 2,5 millionar presiserer Heggheim på si side at dette beløpet berre er dekkande for 15 leiarstillingar. Kva var då grunnen til at du stemte for framlegget til Geir Oldeide i møte i fellesnemnda 11. juni, då han kravde alle tal på bordet?

Kvifor skuldar du underteikna for å fare med feilinformasjon når du veit at dette ikkje stemmer, Ola?

I tillegg viser du til at du ynskte ei større overtaking av helsetenester i Kinn kommune.

Var det ikkje du som leia dette arbeidet og vart resultatet av dette stort meir enn ei 80 prosent stilling som kreftkoordinator?

Resten ser ut til å bli akkurat som før, både i forhold til Nordfjord og i forhold til Flora sitt samarbeid med Sunnfjord.

Er det mogeleg at dette resultatet kjem som følge av at det allereie var etablert eit godt, fornuftig og føremålsteneleg system?

Ein ting er vi heilt einige om, Ola; dersom vi får realisert Kystvegen så vert alt mykje betre. Men før vi kjem så langt ser i alle fall vi i Senterpartiet nokre skjer i sjøen, nemleg dei geografiske utfordringane som enkelt kan oppsummerast med eitt ord; avstand.

At du, trass motstanden frå folket i Vågsøy, har vore med på å tvinge vågsøyværingane inn i noko som dei aller fleste av dei såg lite fornuft i, fortel mykje om kva syn du har på demokratiet. Sjølv Høgre i regjering har hatt sunn skepsis til dette prosjektet.

Din partikollega Martin Kolberg uttalte allereie i 2016, i ein podkast i Nationen, at Stortinget ikkje kan tenke seg at kommunepolitikarane ikkje skal lytte til folket.

Han meinte nok her at Stortinget har klåre forventningar til kommunepolitikarar som ber innbyggjarane sine om råd.

Om nattbordet er tomt for sommarlitteratur kan eg anbefale akkurat den podkasten.

Du skriv om alt som er gale med administrasjonen i Vågsøy. Det er godt mogeleg at her er noko å kritisere på enkelte felt, men likevel; i det store og heile så har vi faktisk ein svært god administrasjon her i Vågsøy.

Noko anna er at eg nyleg har lese om mange frustrerte innbyggjarar både i Strandgata og elles i kommunen. Vi høyrer om stengde toalett, overfylte bosskonteinarar ved turistattraksjonar og tilsyn i barnehagar. Kanskje burde du kikka litt nærare på dette for å finne gode og betre løysingar.

Eg er nokså viss på at det i alle kommunar vil dukke opp saker der det kan reisast kritikk. Etter mitt syn må ein då gå inn for å løyse disse konkrete saken til det beste for innbyggjarane og ikkje skulde på alt anna som er gale.

Er det ikkje slik at det er Ap som har ordføraren i Vågsøy? Ap sine ordførarar kan då ikkje berre la seg avbilde av media i gladsaker, medan dei skuldar på alle andre når det ikkje går heilt på skinner.

Du spør kva Sp eigentleg vil og meiner at løysingar våre er kaos.

Medan du vil ha ein sterk kystkommune med færre folkevalde per innbyggjar trur vi på eit folkestyrt samarbeid, der ein samarbeider der det er naturleg og der ein har felles interesser.

Og vi har mykje vi kan samarbeide med andre kommunar om og vi meiner at vi ikkje treng å slå oss saman med andre for å oppnå stordriftsfordelar.

Kostnadane med ei samanslåing kjem til å auke som følgje av eit tungrodd byråkrati og lange avstandar.

Sp vil mellom anna gå i front for kunne skape best mogeleg forståing hos fylkesmannen for korleis vi kan utnytte og bruke det såkalla 100-metersbeltet både på sjø og land. Her er det verkeleg eit stort potensiale.

Sp vil være ein utviklingsaktør i Kinn kommune, sjølv om vi er diamentralt ueinige i sjølve konstruksjonen.

Sp vil legge til rette for næringsareal og bustadareal i heile kommunen.

Men Sp vil og setje tæring etter næring slik at vi ikkje drep utviklinga med høge avgifter. Tilknytingsavgifta på nye bustadar og skyhøg eigedomsskatt er eksempel på nettopp dette.

Sp kjem til å kjempe for grendaskulane og vi vil prioritere å ha levande bygder og sentrum i heile kommunen.

Avslutningsvis vil vi utfordre Kinn Ap; kor mange skular vil de legge ned i Flora sitt område i den neste perioden? I Vågsøy har Ap i den inneverande perioden gått i front for å legge ned mest mogleg, trass alle lovnader før valet.

Så kort fortalt; Sp vil gje folk gode tenester der dei bur og kjempe med nebb og klør mot regjeringa sin sentraliseringsiver.

Om du framleis manglar lesestoff på sengekanten, etter lektyre og podkast frå Martin Kolberg, kan eg anbefale Kinn Senterparti sitt partiprogram. Du finn det på ei Facebook-side nær deg.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags